Jan Kudlička

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Jan Kudlička

10730 Jan Kudlička.JPG

Statsborgarskap Tsjekkia
Fødd 29. april 1988 (34 år)
Opava
Idrett friidrett
Tok del i

Sommar-OL 2008, Sommar-OL 2012, Friidrett under Sommar-OL 2016, Sommar-OL 2016

Jan Kudlička (fødd 29. april 1988) er ein tsjekkisk stavhoppar frå Opava. Han vann EM-bronse i 2014 og EM-sølv i 2016.

Aktiv[endre | endre wikiteksten]

Kudlička sette personbeste med 5,70 meter i 2008-sesongen og dermed billett til Sommar-OL i Beijing, der han vart nummer ni med 5,45 meter. Frå 2010 til 2013 kvalifiserte han seg til stavhopp-finalen i alle dei store internasjonale meisterskapane, utan han makta melde seg på i medaljestrid. I hall-VM 2014 i Sopot i Polen vart Kudlička tredjemann med personleg rekord på 5,80 m, slått av greske Konstandinos Filippidis og tyske Malte Mohr.

Under europameisterskapen 2014 i Zürich stoppa Kudlička på 5,70 m, men kom på delt bronseplass. Den 22. juni 2016 sette han tsjekkisk rekord med 5,83 meter ved eit stemne i Praha. To veker seinare sikra han seg sølvmedaljen ved EM i Amsterdam. Under vanskelege tilhøve hoppa han 5,60 m, like høgt som vinnaren Robert Sobera frå Polen. Mindre enn seks veker etter EM, svinga Kudlička seg over 5,75 m i OL-finalen i Rio de Janeiro og delte fjerdeplassen med polske Piotr Lisek.

Kudlička har ni gongar vorte tsjekkisk meister i stavhopp: 2008, 2010–14, 2017, 2019 og 2020.

Medaljar og plasseringar i internasjonale meisterskap[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]