Piotr Lisek
Piotr Lisek | |
Statsborgarskap | Polen |
Fødd | 16. august 1992 (31 år) Duszniki, Greater Poland Voivodeship |
Idrett | friidrett |
Tok del i |
Friidrett under Sommer-OL 2016 – Stavsprang menn, Friidrett under Sommer-OL 2020 – Stavsprang menn |
Utmerkingar |
Medalje for 100-årsjubileet for å gjenvinne uavhengighet |
Piotr Lisek (fødd 16. august 1992) er ein polsk friidrettsutøvar frå Duszniki som tevlar i stavhopp. Han vann sølvmedaljen i VM 2017 og tok broner i VM 2015 så vel som i VM 2019.
Aktiv[endre | endre wikiteksten]
Doping[endre | endre wikiteksten]
Lisek testa ved den polske friidretts-meisterskapen i juni 2012 positivt på metylheksanamin og vart utestengd frå idrett i seks månader.
Meisterskap og rekordar[endre | endre wikiteksten]
Lisek vart sjettemann i europameisterskapen 2014 med 5,65 meter. Året etter tok han han seg over 5,80 m i fyrste forsøk då VM fann stad i Beijing, det same gjorde landsmannen Paweł Wojciechowski og franske Renaud Lavillenie, alle tre fekk ein bronsemedalje. I 2016 enda Lisek på fjerdeplass både i europameisterskapen og i sommarleikane.
Ved verdsmeisterskapen 2017 i London gjorde Lisek personbeste med 5,89 m og kneip sølvmedaljen framom Reynaud Lavillenie, verdsmeister vart Sam Kendricks frå USA med 5,95 m. Den 1. august 2018 sette Lisek i Wittenberg polsk rekord med 5,94 meter. I juli 2019 forbetra han rekorden til 6,01 m ved DL-stemnet i Lausanne. Berre få dagar seinare, den 12. juli, svinga han seg over 6,02 meter då han sigra ved DL-stemnet i Monaco.
Medaljar og plasseringar i internasjonale meisterskap[endre | endre wikiteksten]
- EM 2014 i Zürich: Nr 6 – 5,65 m
- VM 2015 i Beijing: Bronsemedalje – 5,80 m
- EM 2016 i Amsterdam: Nr 4 – 5,50 m
- OL 2016 i Rio de Janeiro: Nr 4 – 5,75 m
- VM 2017 i London: Sølvmedalje – 5,89 m, bakom Sam Kendricks (5,95 m)
- EM 2018 i Berlin: Nr 4 – 5,90 m
- VM 2019 i Doha: Bronsemedalje – 5,87 m
Kjelder[endre | endre wikiteksten]
- Denne artikkelen bygger på «Piotr Lisek» frå Wikipedia på engelsk, den 24. september 2019.