Janeth Jepkosgei

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Janeth Jepkosgei
Janeth Jepkosgei 2010 Memorial Van damme.jpg
Fødd 13. desember 1983
Kabirirsang
Janeth Jepkosgei på Commons

Janeth Jepkosgei Busienei (fødd 13. desember 1983) er ein kenyansk tidlegare friidrettsutøvar frå Kapsabet som etter tur vann gull, sølv og bronse på 800 meter i verdsmeisterskapar i friidrett, dessutan vann ho OL-sølv på same distansen i 2008.

Jepkosgei byrja nærma seg verdstoppen på 800 m i 2005-sesongen, då ho sette personleg rekord med 1.57,82. I mars 2006 vann ho distansen under samveldeleikane i Melbourne på tida 1.57,88, framfor Kenia Sinclair frå Jamaica og Maria Mutola frå Mosambik. Den 11. juli same året sette ho kenyansk rekord med 1.56,66 og vann i Lausanne-stemnet framfor toppløparar som Mutola og kubanske Zulia Calatayud. Ein månad seinare vart Jepkosgei afrikameister på Mauritius, Mutola kom på andreplass og algeriske Nouria Mérah-Benida på tredje.

I finalen under VM 2007 i Osaka var Jepkosgei heilt utilnærmeleg. Ho leia 800-meterløpet frå start til mål og forbetra den den kenyanske rekorden til 1,56,04, hennar livs snøggaste løp på distansen. Dermed vann ho med nesten eitt sekunds margin til sølvvinnaren, og stod for årsbeste i verda for andre året på rad. Året etter sprang Jepkosgei like fort i OL-finalen i Beijing og fekk sølv på sluttida 1.56,07, men var på oppløpet sjanselaus mot landskvinna Pamela Jelimo som vann på 1.54,87. Også i VM 2009 i Berlin tok Jepkosgei sølvmedaljen på 800 m, hårfint framom britiske Jennifer Meadows og ukrainske Julija Krevsun, vinnaren Caster Semenya var det ingenting å gjere med. To år seinare kompletterte Jepkosgei medaljesamlinga då ho vann bronsen på 800 m i Daegu-VM 2011 på tida 1.57,42.

Medaljar og plasseringar i internasjonale meisterskap[endre | endre wikiteksten]

  • VM 2007 i Osaka: Gullmedalje – 1.56,04, framom Hasna Benhassi (1.56,99)
  • OL 2008 i Beijing: Sølvmedalje – 1.56,04, framom Hasna Benhassi (1.56,73)
  • VM 2009 i Berlin: Sølvmedalje – 1.57,90, framom Jennifer Meadows (1.57,93)
  • VM 2011 i Daegu: Bronsemedalje – 1.57,42, framom Alysia Montaño (1.57,48)
  • OL 2012 i London: Nr 8 - 2.00,19
  • VM 2015 i Beijing: Utslått i forsøka (2.01,40 =nr 26)

Kjelder[endre | endre wikiteksten]