Jenneval

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Jenneval

Statsborgarskap Frankrike
Fødd 20. januar 1801
Lyon
Død

18. oktober 1830 (29 år)
Lier i Belgia

Yrke skodespelar, lyrikar, skribent, teaterskodespelar
Jenneval på Commons

Hypolite Louis Alexandre Dechet, som er kjend under namnet Jenneval (27. januar 180119. oktober 1830), var ein fransk skodespelar og poet, fødd i Lyon.[1] Han skreiv den fyrste versjonen av teksten til songen «La Brabançonne», som var nasjonalsongen i Belgia fram til ein annan, revidert versjon vart vald i 1860.

Jenneval har vore skodespelar på scener i Ajaccio og Marseille, og vart i 1826 engasjert av Théâtre de l'Odéon i Paris. I 1828 fekk han engasjement på la Comédie-Française i Paris, der han spela i tragedien Mérope av Voltaire og komedien L'Étourdi ou les Contretemps av Molière. Han drog til Brussel sommaren 1830 og vart der skodespelar på Théâtre de la Monnaie.

Jenneval-minnesmerket på place des Martyrs sentralt i Brussel.

I Brussel vart han òg medlem av la Garde Urbaine, ei gruppe som skulle halde orden under den belgiske oppreisten i 1930, den belgiske revolusjonen, som endte i lausrivinga av Belgia frå det nederlandske sameinte kongedømet og skipinga av den sjølvstendige belgiske staten. Han døydde av ei nederlandsk geværkule gjennom hovudet då han i armekorpset til Charles Niellon var med på å forsvare den belgiske byen Lier/Lierre. Eit monument til minne om han vart reist i 1897 på nordsida av la place des Martyrs («Martyrplassen») i Brussel med teksten: «À Jenneval, poète de la Brabançonne, mort pour l’indépendance nationale. Hommage de la Ville de Bruxelles, 23 september 1897» («Til Jenneval, diktaren av la Brabançonne, død for den nasjonale sjølvstenda. Hyllest frå byen Brussel 23. september 1897»).

Kjelder[endre | endre wikiteksten]