Jens Thuesen

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Jens Thuesen
Fødd 11. september 1824
Død

4. juli 1893

Yrke politikar

Jens Thuesen (11. september 18244. juli 1893) var ein norsk sakførar, embetsmann og stortingsmann frå Kristiania.

Thuesen var son til ein stadsmusikus. Han vart student i 1843 og cand. jur. i 1848. Tida 1848-59 var han amtsfullmektig i Romsdal, frå 1859 var han underrettssakførar i Ålesund. Deretter var han politimeister i Larvik frå 1867 og sorenskrivar i Midthordland frå 1881. Under tida i Ålesund var han ordførar i byen åra 1866-67, i 1864 var han formann i fiskeriutstillinga som vart avvikla i byen.

Thuesen representerte Larvik og SandefjordStortinget 1880-82 og på omframstortinget 1882. Han var medlem av tollkomiteen.

Han døydde sommaren 1893 på ei tingreise i Os i Hordaland.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  • Lindstøl, Tallak: Stortinget og Statsraadet 1814-1914. Kristiania, 1914