Jimmy Nicholl

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Jimmy Nicholl
Jimmy Nicholl, Dudesleeper.jpg
Jimmy Nicholl i 1994
Personleg informasjon
Fullt namn James Michael Nicholl
Fødd 28. desember 1956 (62 år)
Fødestad Hamilton i Ontario i Canada
Høgd 175 cm
Posisjon Forsvarsspelar
Klubbinformasjon
Noverande lag
Dundee (assisterande trenar)
Nord-Irland (assistenttrenar)
Ungdomsklubbar
1971–1974 Manchester United
Seniorkarriere*
År Lag Kampar (Mål)
1974–1982 Manchester United 197 (3)
1982Sunderland (lån) 3 (0)
1982 Toronto Blizzard 16 (3)
1982–1983 Sunderland 29 (0)
1983–1984 Toronto Blizzard 49 (8)
1983–1984 Rangers 17 (0)
1984–1986 West Bromwich 56 (0)
1986–1989 Rangers 58 (0)
1989–1990 Dunfermline Athletic 24 (0)
1990–1996 Raith Rovers 128 (6)
1996 Bath City 1 (0)
Totalt 577 (20)
Landslag
1976–1986 Nord-Irland 73 (1)
Trenar for
1990–1996 Raith Rovers (spelar-manager)
1996–1997 Millwall
1997–1999 Raith Rovers
2010–2011 Cowdenbeath
2013 Hibernian (midlertidig)
2013–2015 Cowdenbeath
2018 Rangers (midlertidig)
2019– Dundee (assistenttrenar)
* Seniorklubbkampar og mål berre telt for nasjonal liga

James Michael Nicholl, kjend som Jimmy Nicholl, (fødd 28. desember 1956) er ein nordirsk fotballtrenar og -spelar, fødd i Canada og oppvaksen i Nord-Irland. Han spelte på Manchester United i tida 1974-81 og var åra 1976-86 aktiv i 73 landskampar for Nord-Irland.

Klubbspel[endre | endre wikiteksten]

Nicholl fekk sin ligadebut då Manchester United i 1974/75-sesongen spelte i 2. divisjon. Han var ikkje med då klubben hans i 1976 gjekk på eit overraskande tap i finalen i FA-cupen. Derimot var han med i den sigerrike finalen i FA-cupen 1977 mot Liverpool FC, dessutan deltok han då Arsenal FC vart for sterke og vann FA-cupfinalen 1979 med 3 mål mot United sine 2. Innan hausten 1981 rakk Nicholl å yte sitt i 197 ligakampar og skåre 3 ligamål for United.

Under ny lagsjef i Manchester United hamna Nicholl på innbytarbenken. Perioden 1982-90 vandra han att og fram mellom klubbar som Sunderland FC, kanadiske Toronto Blizzard, og skotske Rangers FC, Dunfermline og til sist Raith Rovers. I den sistnemnde klubben var han spelande trenar frå 1990 til -96. Her opplevde han at Raith den 27. november 1994 vann den skotske ligacupen, etter å ha sigra over Celtic FC, eit oppgjer avgjort med straffetevling.

Landslagsspel[endre | endre wikiteksten]

Nicholl spelte vanlegvis høgreback på det nordirske landslaget, vart også nytta på stopparplass. Han debuterte i mars 1976 i ein vennskapskamp mot Israel i Tel Aviv. Sidan var han med då Nord-Irland vann den britiske landslagsmeisterskapen i 1979, ein triumf han var med å gjenta fem år seinare, i den 100. og aller siste turneringa mellom landslaga i Storbritannia. Nicholl spelte alle kampane til Nord-Irland då laget tok seg til kvartfinalane under Fotball-VM 1982 i Spania. Også i VM i fotball 1986 i Mexico var han fast høgreback. Den 12. juni 1986 i Guadalajara kom avskjeden med landslaget, der Brasil med siger 3-0 eliminerte Nord-Irland frå resten av turneringa. Han skåra eitt landslagsmål.

Merittar[endre | endre wikiteksten]

  • Vinnar av FA-cupen:1977 med Manchester United
  • Tap i FA-cupen: 1979 med Manchester United
  • Vinnar av den skotske ligacupen: 1994 med Raith Rovers
  • Britisk meister: 1979 og 1984: for Nord-Irland

Kjelder[endre | endre wikiteksten]