Joe Slovo

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk

Joe Slovo (23. mai 19266. januar 1995) var ein sørafrikansk kommunistisk politikar og leiar for Det sørafrikanske kommunistpartiet SACP, og samtidig leiande medlem av ANC, Den afrikanske nasjonalkongressen.

Han var fødd i Litauen i ein jødisk familie som utvandra til Sør-Afrika da han var åtte år gammal. Far hans arbeidde som lastebilsjåfør i Johannesburg.

Slovo slutta på skolen i 1941 og begynte å arbeide som funksjonær i transportbransjen. Han blei fagorganisert, og som tillitsvald var han med å organisere ein streik. Han meldte seg inn i kommunistpartiet i 1942.

Inspirert av Den raude armeen sin kamp mot nazistane på austfronten i Europa i andre verdskrigen, meldte Slovo seg som frivillig til dei sør-afrikanske styrkane som kjempa med den britiske hæren i krigen.

Mellom 1946 og 1950 studerte han juss, og i 1949 gifta han seg, med Ruth First. Dei fekk tre døtrer.

Både First og Slovo var registrerte som kommunistar og kunne verken siterast eller delta i offentlege møte etter lova om undertrykking av kommunismen frå 1954. Men han blei likevel aktiv i ANC, og arrestert som ANC-aktivist både i 1956 og 1960.

I 1961 blei Slovo ein av leiarane i ANC si væpna grein Umkhonto we Sizwe, Spydet til Nasjonen. I 1963 måtte han fare i eksil, og han budde i Storbritannia, Angola, Mosambik og Zambia. Slovo blei vald til generalsekretær i SACP i 1984.

Han vendte tilbake til Sør-Afrika i 1990 for å vere med i «samtalane om samtalar» mellom ANC og den daverande regjeringa. Han var sjuk, og blei etterfølgd av Chris Hani som partileiar i 1991. Slovo blei gitt tittelen æresleiar i SACP. Han var bustadminister i Nelson Mandela si første regjering.

Slovo var den leiande teoretikaren i både kommunistpartiet og ANC. Han erkjente svakheitene i den sovjetiske samfunnsmodellen og tok avstand frå stalinismen. Han spelte ei stor rolle i frigjeringskampen i Sør-Afrika, i kampen for demokrati og like rettar for alle.