Joel Bernstein

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Joel Bernstein
Joel Bernstein - 2010.jpg
Fødd1952 (70 år)
OpphavUSA
AktivSidan 1968
SjangerRock and roll
InstrumentVokal, gitar
Tilknytte artistarCrosby, Stills, Nash & Young
Verka somFotograf, musikar, plateprodusent

Joel Bernstein (fødd i 1952) er ein USA-amerikansk fotograf, gitarist og plateprodusent. Fotografia hans har vore på ei rekkje plateomslag, som After the Gold Rush,[1] 4 Way Street, Rita Coolidge, Wind on the Water, Running on Empty, CSN, Bob Dylan at Budokan, Rust Never Sleeps, Shadows and Light og Hard Promises. Fotografia hans er blitt publiserte i Time, The New York Times og Rolling Stone, blant fleire,[2][3] og bileta hans har vore utstilte i New York City, San Francisco, Los Angeles og London.[4][5] Som gitarist er han mest kjend for å ha spelt med venene sine David Crosby og Graham Nash, både kvar for seg og på Crosby & Nash-platene deira. Han var òg produsent og arkivar med Nash for Crosby, Stills, Nash & Young.[6]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. Egan, Bob. «After the Gold Rush by Neil Young - Album Cover Location». Pop Spots NYC. Henta 15. januar 2019. 
  2. «Neil Young, San Francisco, CA 1978». Morrison Hotel Gallery website. Arkivert frå originalen 2019-12-17. Henta 15. januar 2019. 
  3. «About Joel Bernstein». Joel Bernstein website. Henta 15. januar 2019. 
  4. «Neil Young - Joel Bernstein & Henry Diltz». Morrison Hotel Gallery website. Arkivert frå originalen 2014-08-13. Henta 15. januar 2019. 
  5. «Neil Young: photographs by Joel Bernstein». Snap Galleries website. Henta 15. januar 2019. 
  6. Wheeler, Brad (27. juli 2014). «'The music was beautiful ... but it was a tour of excesses': Graham Nash». The Globe and Mail. Henta 18. august 2014.