Hard Promises

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Hard Promises
Studioalbum av Tom Petty and the Heartbreakers
Utgjeve 5. mai 1981
Innspelt 1980–81 i Sound City i Van Nuys, Cherokee Studios i Hollywood, CA og Goodnight i LA
Sjanger Heartland rock
Lengd 39:33
Selskap Backstreet
Produsent Jimmy Iovine, Tom Petty
Tom Petty and the Heartbreakers-kronologi
Damn the Torpedoes
(1979)
Hard Promises Long After Dark
(1982)
Singlar frå Hard Promises
  1. «The Waiting»
    Utgjeve: 20. april 1981
  2. «A Woman in Love (It's Not Me)»
    Utgjeve: 29. juni 1981
Meldingar
Karakter
KjeldeKarakter
AllMusic4.5/5 starsStar full.svgStar full.svgStar full.svgStar half.svg[1]
Blender4/5 starsStar full.svgStar full.svgStar full.svgStar empty.svg
Chicago Tribune2.5/4 starsStar full.svgStar half.svgStar empty.svg[2]
Robert ChristgauB[3]
The Essential Rock Discography6/10[4]
MusicHound5/5 starsStar full.svgStar full.svgStar full.svgStar full.svg[5]
Rolling Stone(positiv)[6]
The Rolling Stone Album Guide3/5 starsStar full.svgStar full.svgStar empty.svgStar empty.svg[7]
Virgin Encyclopedia of Popular Music4/5 starsStar full.svgStar full.svgStar full.svgStar empty.svg[8]

Hard Promises er det fjerde studioalbumet av Tom Petty and the Heartbreakers utgjeve i mai 1981.

Historie[endre | endre wikiteksten]

Arbeidstittelen på albumet var Benmont's Revenge, og syner til klaverspelaren i bandet, Benmont Tench.[9] Stevie Nicks frå Fleetwood Mac syng ein duett med Petty på «Insider». The Heartbreakers spelte òg inn hitten «Stop Draggin' My Heart Around» for Nicks-albumet Bella Donna samstundes som Hard Promises vart spelt inn.

Dette var det andre Tom Petty-albumet på Backstreet Records. Utgjevinga til albumet vart forseinka medan Petty og distributøren hans, MCA Records, krangla om listeprisen. MCA hadde planar om å gje ut albumet til ein ny og dyrare listepris på 9,98 dollar, etter at dei hadde gjort det same med Steely Dan sitt Gaucho og Olivia Newton-John/Electric Light Orchestra sitt Xanadu. Denne såkalla «superstjerneprisen» var 1 dollar meir enn den vanlege listeprisen på 8,98 dollar.[10] Petty protesterte og vurderte å kalle albumet Eight Ninety-Eight, eller trekke det heilt attende. MCA valte til slutt å gje det ut til normal pris.[11]

Under innspelinga av albumet hadde John Lennon bestilt studiotid samstundes. Tom Petty såg fram til å møte han, men det skjedde aldri då Lennon vart myrda før han kom så langt. Som ein hyllest til Lennon fekk bandet markert «WE LOVE YOU JL» på masterkopien av albumet. Fram til i dag står det «WE LOVE YOU JL» på alle dei originale vinylutgåvene av albumet.[12] Tittelen på albumet kjem frå ei linje i refrenget på «Insider».

Innhald[endre | endre wikiteksten]

Alle songar er skrivne av Tom Petty, utanom der andre er nemnde.. 

Side ein
# Tittel Lengd
1. «The Waiting»   3:58
2. «A Woman in Love (It's Not Me)» (Petty, Mike Campbell) 4:22
3. «Nightwatchman» (Petty, Campbell) 3:59
4. «Something Big»   4:44
5. «Kings Road»   3:27
Side to
# Tittel Lengd
6. «Letting You Go»   3:24
7. «A Thing About You»   3:33
8. «Insider»   4:23
9. «The Criminal Kind»   4:00
10. «You Can Still Change Your Mind» (Petty, Campbell) 4:15

Medverkande[endre | endre wikiteksten]

The Heartbreakers
  • Tom Petty – solovokal, 12- & 6-strengs elektrisk & akustisk gitarar, bassgitar & elektrisk piano på «Something Big»
  • Mike Campbell – 12- & 6-strengs gitar elektrisk gitarar, autoharpe, trekkspel, harmonium, bassgitar
  • Benmont Tench – organ, piano, korvokal
  • Ron Blair – bassgitar
  • Stan Lynch – trommer, korvokal
Andre musikarar
  • Phil Jones – perkusjon på alle spor
  • Stevie Nicks – harmonivokal på «Insider», korvokal på «You Can Still Change Your Mind»
  • Donald «Duck» Dunn – bassgitar on «A Woman in Love»
  • Sharon Celani – korvokal på «You Can Still Change Your Mind»
  • Alan «Bugs» Weidel – piano på «Nightwatchman»

Lister[endre | endre wikiteksten]

Vekeslister[endre | endre wikiteksten]

Liste Plassering
Australian Album Chart[13] 21
Canadian RPM Album Chart[14] 3
New Zealand [15] 1
Sverige[16] 22
UK Album Chart [17] 32
USA Billboard 200[18] 5

Årslister[endre | endre wikiteksten]

Liste (1981) Plassering
Canadian Album Chart[19] 28
US Billboard Pop Album[20] 49

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. AllMusic review
  2. Kot, Greg (1991-09-01). «Through The Years With Tom Petty». Chicago Tribune. Henta 11. mars 2015. 
  3. Robert Christgau review
  4. Strong, Martin C. (2006). The Essential Rock Discography. Edinburgh, UK: Canongate. s. 816. ISBN 978-184195-827-9. 
  5. Graff, Gary; Durchholz, Daniel (eds) (1999). MusicHound Rock: The Essential Album Guide. Farmington Hills, MI: Visible Ink Press. s. 870. ISBN 1-57859-061-2. 
  6. Rolling Stone review
  7. Rolling Stone Album Guide
  8. «Tom Petty and the Heartbreakers Hard Promises». Acclaimed Music. Henta 11. mars 2015. 
  9. Goldstein, Patrick. «Pop Eye» Los Angeles Times Sept. 21, 1980: T80.
  10. Goldstein, Patrick. «Petty Battling MCA Over Record Price Hike» Los Angeles Times 1. februar 1981: N72.
  11. Marsh, Dave. «Tom Petty» Musikar July 1981: 43.
  12. Conversations with Tom Petty by Paul Zollo
  13. Kent, David (1993). Australian Chart Book 1970-1992. St Ives, N.S.W.: Australian Chart Book. ISBN 0-646-11917-6. 
  14. «Top Album/CDs - Volume 35, No. 4» (PHP). RPM. 1981-07-04. Henta 2014-05-01. 
  15. «charts.org.nz — Tom Petty and the Heartbreakers - Hard Promises». Recording Industry Association of New Zealand. Henta 2014-05-01. 
  16. «swedishcharts.com Tom Petty and the Heartbreakers - Hard Promises» (på Swedish). Sverigetopplistan. Henta 2014-05-01. 
  17. «Tom Petty and the Heartbreakers: Artist: Official Charts». UK Album Chart. Henta 2014-04-08. 
  18. «Allmusic: Hard Promises : Charts & Awards : Billboard Album». allmusic.com. Henta 2014-03-01. 
  19. «RPM Top 100 Album of 1981». RPM. 1981-12-26. Henta 2014-05-01. 
  20. «Billboard.BIZ: Top Pop Album of 1981». billboard.biz. Arkivert frå originalen 2013-01-15. Henta 2014-05-01.