Johan Martin Dahll

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Johan Martin Dahll
Fødd 24. juni 1830
Kragerø kommune
Død

28. november 1877
Skåtøy

Yrke politikar, handelsmann

Johan Martin Dahll (24. juni 183028. november 1877) var ein norsk næringsdrivar og stortingsmann frå Kragerø.

Dahll var son til ein kjøpmann. Han gjekk Anderssonske handelsinstitutt i Bergen, og vart så omkring 1853 sett til å styre to gruver ått av engelske handelsinteresser. I 1861 tok han over eiga i dei to gruvene, ei apatittgruve ved Kragerø og ei nikkelgruve i Bamble. Gruvedrifta gjekk så godt at han ei tid truleg var den største bergverkseigaren i Noreg. I tillegg dreiv han iseksport og skipsbyggeri.

Etter å ha vore varamann til Stortinget 1874-76, representerte han Kragerø på Stortinget i 1877, der han var medlem av næringskomité nr 1. Same hausten døydde han på Jomfruland i Skåtøy.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]