Bøheringen

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

Springaren Bøheringen er ein slått som er spela i Telemarkstradisjon, men kjernepunkt i Bø i Telemark. Slåtten er bygd saman av to eldre slåttar, den eine frå Vinje, den andre frå Seljord. Denne slåtten er ein gamal springar etter Jon Kjos. Storforma er truleg bygd ut av Leiv Sandsdalen eller Halvor Flatland. Slåtten har vore mykje nytta av Torkjell Haugerud og Olav Groven.

Variantgruppa[endre | endre wikiteksten]

Slåtten er registrert som nr 513 i springar-bolken av Hardingfeleverket. Storslåtten er sett saman av variant a og b. Slått c og g er sjølvstendige variantar av a og b.

  • g: Tråenmann, etter Steingrim Haukjem, Veggli [7][daud lenkje]. Nedskrift Truls Ørpen 1924 (Ø 157). Variant av "Jon vestafe", fletta inn i storforma av Bøheringen. Slåtten er ein noko meir utbygd form av b, springar frå Vinje.