Juha Mieto

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Juha Mieto
Juhamieto12.JPG
Juha Mieto i 2008
Fødd 20. november 1949
Kurikka
Yrke politikar, langrennsløpar, journalist
Juha Mieto på Commons

Juha Iisakki Mieto (fødd 20. november 1949) er ein finsk politikar og tidlegare langrennsløpar frå Kurikka. Langrennaren Mieto vann verdscupen i 1976 og 1980, OL-gull i stafett i 1976, samt eitt OL-sølv og to VM-sølv, og to bronsemedaljar i både OL og VM i tidsrommet 1974-84. Perioden 2007-11 representerte han partiet Centern i den finske riksdagen.

Langrenn[endre | endre wikiteksten]

Mieto slo seg inn i verdstoppen i langrenn då han vart nummer fire på 15 km under dei olympiske vinterleikane 1972 i Sapporo, fattige seks hundredels sekund bakom bronsevinnaren Ivar Formo. Seinare i OL-sesongen vann han 30-kilometeren i Svenska skidspelen i Lycksele.

I 1973 innleia han i Holmenkollen ei sjeldan triumfrekke då han vann 15 km, i tillegg tok han ein suveren siger på 50 km i same renna, to-og-eit-halvt minutt føre Oddvar Brå. Mieto vann 15 km i Holmenkollen også dei to neste sesongane, medan han i 1976 måtte sjå seg slått av ein mann på både 15 km og 50 km; landsmannen Arto Koivisto i den kortaste løypa og Sven-Åke Lundbäck frå Sverige i den lengste. Men både i 1977 og 1978 vann Mieto klare sigrar på 15 km i Holmenkollen. Allereie i 1974 vart Mieto tildelt Holmenkollmedaljen.

Under Ski-VM 1974 fekk Mieto sølvmedaljen på innleiingsdistansen 30 km, gullmedaljen gjekk til svenske Thomas Magnusson. Sidan i meisterskapen vart Mieto nummer fire på 15 km.

Juha Mieto i 2014

Vinteren 1976 viste Mieto seg som verdas beste langrennsløpar med siger på 15 km og med mellom anna andreplassar i alle dei fire andre individuelle renna i Lahti, Svenska skidspelen og Holmenkollen. Demed vann han verdscupen i langrenn. Under Vinter-OL 1976 i Innsbruck gjekk han andreetappen på det finske laget som tok stafettgullet, dei andre på laget var Matti Pitkänen, Pertti Teurajärvi og Arto Koivisto. Individuelt vart Mieto nummer fire på OL-tremila.

I tillegg til sigeren i Holmenkollen vann Mieto i 1977 også 30 km i Falun og enda på andreplass på 15 km i Lahti, der einast Vasilij Rotsjev frå Sovjetunionen gjekk fortare. Året etter tok Mieto bronsemedaljen på 15 km då VM på ski 1978 fann stad i Lahti. Saman med landsmenn vann han sølv i 4 x 10 km stafett, før han han på den avsluttande distansen, femmila, smurde seg bort og gjekk rett i garderoben etter målgang, med skia på beina.

Som i førre OL-sesong, vann Mieto verdscupen i 1980. Under dei olympiske vinterleikane 1980 i Lake Placid tok han tre medaljar. Han fekk sølv på både 15 km og 50 km, samt bronse på stafetten. På 15-kilometeren vart Mieto slått med eitt einaste hundredels sekund på 15 km av Thomas Wassberg. Wassberg ville smelte saman kvar sin halvdel av gull- og sølvmedaljen, noko Mieto avviste. Etter det vart hundredela fjerna som minste måleeining i vanleg langrenn.

Mieto vann ein ny stafett-bronse då Oslo arrangerte ski-VM 1982. Han vart elles nummer fem på tremila og seks på 15 km. To år seinare vann Finland, med Mieto på laget, si tredje rake bronsemedalje i 4 x 10 km stafett då Vinter-OL 1984 vatt avvikla i Sarajevo. På 15 km vart han for tredje gong i OL eller VM nummer fire.

Besteplasseringar i internasjonale renn[endre | endre wikiteksten]

  • 1972: Vinnar av 30 km i Svenska skidspelen i Lycksele
  • 1973: Vinnar av 15 km og 50 km i Holmenkollen
  • 1974: Vinnar av 15 km i Holmenkollen
  • 1975: Vinnar av 15 km i Holmenkollen
  • 1976: Vinnar av 15 km i Lahti
  • 1977: Vinnar av 15 km i Holmenkollen og 30 km i Svenska skidspelen i Falun
  • 1978: Vinnar av 15 km i Holmenkollen
  • 1980: Nr 3 på 50 km i Lahti
  • 1981: Nr 10 på både 15 km og 50 km i Holmenkollen
  • 1983: Nr 3 på 15 km i Holmenkollen
  • 1984: Nr 6 på femmila i Lahti
  • 1985: Nr 6 på 15 km i Lahti

Politikk[endre | endre wikiteksten]

I mars 2007 stilte Mieto som kandidat til riksdagsvalet for partiet Centern. Han vart vald inn i den finske riksdagen med 13 756 røyster, sjuande flest personrøyster. Derimot rauk han ut av riksdagen i 2011, då Centern gjorde eit historisk dårleg val.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  • Sportsboken, aktuelle årgangar