Julie Christiansen

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Julie Christiansen
Fødd19. mars 1968
Harstad
NasjonalitetNoreg
PartiHøgre
Yrkepolitikar, statsvitar
Utdanna vedUniversitetet i Oslo

Julie Christiansen (fødd 19. mars 1968 i Harstad) er ein norsk statsvitar og tidlegare politikar for Høgre.

Ho er fødd i Harstad, men vakse opp i Oppegård sør i Akershus. Ho har examen artium frå Oppegård videregående skole frå 1987 og er cand.mag. med mellomfag i statsvitskap og grunnfag i sosialøkonomi og idéhistorie frå Universitetet i Oslo frå 1994. I 1995 hadde ho eit studieopphald ved George Washington University, der ho studerte amerikansk utanrikspolitikk. Christiansen er òg cand.polit. frå Universitetet i Oslo frå 2007. Ho var tilsett i Høgre si EU-stab i 1994, stipendiat i Den norske atlanterhavskomité 1995–1997, utanrikspolitisk rådgjevar for Høgres stortinggruppe 1998–2001 og studentstipendiat ved Norsk utanrikspolitisk institutt (NUPI) 2006–2007. Frå 2009 er ho seniorrådgjevar ved Divisjon for energi, ressursar og miljø i Noregs forskningsråd.

Christiansen var nestleiar i Akershus Unge Høgre 1989–1990, 2. nestleiar i Unge Høgre 1990–1992 og 1. nestleiar samestades 1992–1994. Ho var medlem av Oppegård kommunestyre 1987–1995, 4. vararepresentant til Stortinget frå Akershus 1989–1997, 1. vararepresentant 1997–2001 og fast innvalgt representant 2001–2005. Av dei øvrige verva hennar kan nemnast leiar i Norges Gymnasiastsamband 1988–1989, styreleiar i Organising Bureau of European School Student Unions (OBESSU) 1989–1990, styremedlem i Folk og Forsvar 1992–1994, nestleiar i Akershus Høgre 1999–2003, nestleiar i Europabevegelsen 1999–2001, leier i Høgre si EU-utval 2006–2008 og styremedlem i Redd Barna frå 2007.

Stortingskomitear[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]