Hopp til innhald

Kaljazin

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Kaljazin
Калязин
by
Våpenskjold
Land  Russland
Føderasjonssubjekt Tver oblast
Areal 10 km²
Folketal 12 621 (2021)
Først nemnt i 1434
 •  Bystatus 1775
Postnummer 171570, 171571, 171573
Retningsnummer 48249
Kart
Kaljazin
57°14′00″N 37°51′00″E / 57.233333333333°N 37.85°E / 57.233333333333; 37.85
Wikimedia Commons: Kalyazin

Kaljazin (russisk Каля́зин) er ein by i Tver oblast i Russland med om lag 13 000 innbyggjarar. Han ligg ved elva Volga, 125 km aust-nordaust for Tver.

Kaljazin er først nemnt på 1100-talet som ein sloboda, eller busetnad for personar som var fritekne frå å betale skatt. Byen vart viktigare då Makarjevskij-klosteret vart grunnlagd på motsett side av Volga på 1400-talet. Dette klosteret var det mest merkverdige landemerket i Kaljazin og bestod av mange bygningar av historisk interesse, mellom anna eit refektorium frå 1525.

St. Nikolai klokketårn er ein del av kyrkja som vart lagt under vatn i Stalin-tida, og det mest oppsiktsvekkjande landemerket i Kaljazin.
Foto: Andrej Volykhov

I 1940 vart klosteret og storparten av den gamle bydelen sett under vatn då Uglitsj-reservoaret vart bygt. Byen vart etter det i praksis flytta til ein ny og høgareliggande stad.

Bakgrunnsstoff

[endre | endre wikiteksten]
Commons har multimedium som gjeld: Kaljazin