Hopp til innhald

Krasnyj Kholm

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Krasnyj Kholm
Красный Холм
by
Våpenskjold
Land  Russland
Føderasjonssubjekt Tver oblast
Areal 13 km²
Folketal 1 557 (1825)[1]
Grunnlagd 1518
   Bystatus 1776
Postnummer 171660
Retningsnummer 48237
Kart
Krasnyj Kholm
58°03′00″N 37°01′00″E / 58.05°N 37.016666666667°E / 58.05; 37.016666666667
Wikimedia Commons: Krasny Kholm

Krasnyj Kholm (russisk Кра́сный Холм, tyder Raud ås) er ein by i Tver oblast i Russland med om lag 5 000 innbyggjarar. Han ligg 160 km nordaust for Tver.

Krasnyj Kholm vart først nemnt i 1518, som landsbyen Spas-na-Kholmu. Landsbyen høyrde til Antonijev av St. Nikolai-klosteret til landområdet vart sekularisert i 1764. I 1776 fekk byen byrettar og det noverande namnet sitt. Jernbanen mellom Rybinsk og St. Petersburg nådde Krasnyj Kholm i 1899, og sette fart på byutviklinga.

Ved breidda av elva Mologa, mindre enn tre kilometer frå Krasnyj Kholm, ligg ruinane av Antonijevklosteret som gav opphav til byen. Klosterkatedralen vart bestilt av Andrej Bolsjoj i 1481. Han vart innvigd i 1493 og vart ombygd i kalkstein eit halvt hundreår seinare. Denne bygningen, som var den eldste i oblasten, vart lagt i grus av bolsjevikane. Han står framleis utan tak og forfell.

  1. "Статистическое изображение городов и посадов Российской империи по 1825 год. Сост. из офиц. сведений по руководством директора Департамента полиции исполнительной Штера. Спб., 1829.".

Bakgrunnsstoff

[endre | endre wikiteksten]
Commons har multimedium som gjeld: Krasnyj Kholm