Hopp til innhald

Belyj i Tver oblast

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Belyj
Белый
by
Våpenskjold
Land  Russland
Region Tver oblast
Areal 18 km²
Folketal 3 125 (2021)[1]
Retningsnummer 482502
Kart
Belyj
55°50′00″N 32°56′00″E / 55.833333333333°N 32.933333333333°E / 55.833333333333; 32.933333333333
Wikimedia Commons: Bely (city)

Belyj (russisk Бе́лый) er ein by i Tver oblast i Russland med om lag 3 000 innbyggjarar. Byen ligg ved elva Obsja, rundt 220 km sørvest for Tver.

Belyj er det russiske ordet for «kvit», men det er ukjent kvifor byen har fått dette namnet. Han vart første gong nemnt i 1359 som eit fort i fyrstedømmet Smolensk, og som hamna under Litauen ved slutten av hundreåret. På 1400-talet vart han eit sete for Belskij-greina av det herskande Gediminide-dynastiet. Byen vart erobra av Storfyrstedømet Moskva i 1503. Tre år seinare bygde dei ei stor borg, som litauarane omleira i 1508. Byen hamna igjen under Det polsk-litauiske samveldet mellom 1618 og 1654.

  1. Den russiske folketellingen i 2020 (per 1. oktober 2021) (på russisk), Wikidata Q126684906, arkivert frå originalen 1 September 2022

Bakgrunnsstoff

[endre | endre wikiteksten]
Commons har multimedium som gjeld: Belyj i Tver oblast