Rzjev

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Rzjev
Ржев
Horisonten til Rzjev
Byvåpenet til Rzjev
Byvåpenet til Rzjev


Plassering
Rzjev is located in Russland
Styresmakter
Land Flag of Russia.svg Russland
Føderasjonssubjekt Tver oblast
Først nemnt i
Bystatus
1216
1775
Borgarmeister Aleksander Khartsjenko
Geografi
Flatevidd
 - By

56 km²
Innbyggjarar
 - Totalt (2008)
   - folketettleik

60 667
  1 083,3 /km²
Koordinatar 56°15′00″N 34°20′00″EKoordinatar: 56°15′00″N 34°20′00″E
Høgd over havet 190 moh
Tidssone
- Ved sommartid
MSK (UTC+3)
MSD (UTC+4)
Diverse annan informasjon
Postnummer 172380–172391
Retningsnummer (tlf) (+7)48232
Nettstad: www.rzhevcity.ru

Rzjev (russisk Ржев) er ein by i Tver oblast i Russland med om lag 60 000 innbyggjarar. Han ligg ved elva Volga, rundt 120 km sørvest for Tver.

Historie[endre | endre wikiteksten]

Rzjev før den russiske revolusjonen i 1917

Rzjev er først nemnt i 1216, då byen låg under Mstislav den modige, fyrsten av Toropets. Tre regionale makter, Republikken Novgorod, fyrstedømet Smolensk og storfyrstedømet Vladimir-Suzdal, kjempa om Rzjev i mellomalderen.

Etter den mongolske invasjonen hamna Rzjev under ei gren av Smolensk-dynastiet, som gjorde byen til hovudstaden sin. Seinare vart byen delt mellom to av fyrstane og dei to delane vert framleis kalla Fyrst Dmitrij-sida og Fyrst Teodor-sida. På midten av 1300-talet, var dei under stadige åtak frå Algirdas av Litauen og storfyrsten av Tver, som kjøpte opp alle landsbyane rundt byen. Til slutt forlet fyrstane byen og drog til Moskva og Rzjev vart ei kort tid okkupert av Tver, Det polsk-litauiske samveldet og til slutt av Storfyrstedømet Moskva.

1700-talet førte lokale handelsmenn stor velstand til byen.

Under den andre verdskrigen vart byen praktisk talt utsletta under dei blodige slaga ved Rzjev i 1942. Over ein sjettedel av folkesetnaden vart send til tvangsarbeid i Tyskland under nazi-okkupasjonen og rundt 9000 innbyggjarar vart skotne, svelta eller torturert i hel i ein konsentrasjonsleir som vart oppretta midt inne i byen. Nesten ingen gammal arkitektur overlevde øydeleggingane under krigen.

Under den kalde krigen låg flybasane Rzjev og Bakhmutovo ved byen.

Næringsliv[endre | endre wikiteksten]

Den viktigaste næringa i byen er maskinbygging, spesielt produksjon av bygningskranar. Byen har òg ein større bygningsindustri.

Transport[endre | endre wikiteksten]

Rzjev ligg ved hovudvegen og jernbanen mellom Moskva og Riga. Skiptrafikk går forbi Tver med den store elvehamna her ved Volga. Ved Tver ligg òg Migalovo lufthamn, som òg tener Rzjev-området.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]