Toropets
| Toropets | |||
| Торопец | |||
| by | |||
|
|||
| Land | |||
|---|---|---|---|
| Føderasjonssubjekt | Tver oblast | ||
| Areal | 22 km² | ||
| Folketal | 11 441 (2021) | ||
| Grunnlagd | 1074 | ||
| • Bystatus | 1777 | ||
| Retningsnummer | 48268 | ||
![]() Toropets 56°30′00″N 31°38′00″E / 56.5°N 31.633333333333°E | |||
| Wikimedia Commons: Toropets | |||
Toropets (russisk Торо́пец) er ein by i Tver oblast i Russland med om lag 12 000 innbyggjarar. Han ligg i Valdajhøgdene, ved elva Toropa, rundt 270 km vest for Tver.
Historie
[endre | endre wikiteksten]Byen vart første gong nemnt i skriftlege kjelder alt i 1074. Han høyrde då til fyrstane i Smolensk. I 1167 var byen stor nok til å ha egne fyrstar. Den mest kjende av dei var Mstislav den modige. Sonesonen hans, Aleksander Nevskij, gifta seg med Aleksandra av Polotsk i Toropets i 1239.
På midten av 1400-talet hamna byen under Storhertugdømet Litauen, som måtte avstå han til Ivan III etter Slaget ved Vedrosja i 1503. Tidleg på 1600-talet vart Toropets plyndra av den polske armeen. I 1777 vart byen ein del av Pskov gubernija.
I 1935 vart byen lagt inn under Kalinin oblast (dagens Tver oblast). Byen var okkupert av Wehrmacht frå 29. august 1941 til 21. januar 1942, då han vart frigjeve under Toropets-Kholm operasjonen.
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- Delar av denne artikkelen bygger på «Toropets» frå Wikipedia på bokmål, den 25. januar 2009.
Bakgrunnsstoff
[endre | endre wikiteksten]Denne geografiartikkelen som har med Russland å gjere, er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han. |
