Karavane
Hopp til navigering
Hopp til søk
Karavane (frå persisk کاروان) er eit stort reisefølgje med lastedyr som kamelar, muldyr, esel eller hestar. Omgrepet er særleg kjend frå Asia og Nord-Afrika, der ein har lang tradisjon for at reisande slo seg saman i store følgje som vern mot uvêr, andre naturlege hindringar og overfall.
I steppe- og ørkenområde har ein brukt mest kamelar til karavanar, medan ein i fjelland har brukt muldyr, esel og hestar. Ein karavane kan omfatta frå 40–50 opptil 600 eller fleire lastedyr. Kjende karavanevegar gjekk mellom Kina, gjennom Sentral-Asia, og Bukhara, ei rute kjend som Silkevegen, og mellom Beijing og Irkutsk i Sibir («te-vegen»). Det går også fleire kjende karavaneruter gjennom Sahara, sjå transsaharahandel.
Sjå òg[endre | endre wikiteksten]
Kjelder[endre | endre wikiteksten]
- «Karavane» (14. februar 2009). Store norske leksikon. Fri artikkel henta 8. juli 2015.