Katie Melua
Katie Melua | |
Verkeleg namn | georgisk ქეთი მელუა |
Statsborgarskap | Sovjetunionen, Georgia, Storbritannia |
Fødd | 16. september 1984 (40 år) Kutaisi |
Yrke | songar-låtskrivar, songar, komponist, jazzmusikar, gitarist, pianist, fiolinist, plateartist |
Språk | engelsk, georgisk |
Nettstad | http://katiemelua.com/ |
Katie Melua på Commons |
Ketevan «Katie» Melua (fødd 16. september 1984) er ein britisk-georgisk songar og musikar. Sidan ho var 9 år har ho budd i Nord-Irland og seinare England.
Det første albumet hennar, Call Off the Search, vart lansert i november 2003, og det andre, Piece by Piece, kom ut i september 2005. Begge vart svært godt mottekne.
Tidleg liv
[endre | endre wikiteksten]Ketevan Melua vart fødd i Kutaisi i Georgia i 1984 og budde som unge i byen Batumi i Adsjaria, der far hennar arbeidde som hjartespesialist. I 1993 flytta familien til Belfast i Nord-Irland, der faren fekk ei stilling ved det velsedde sjukehuset Royal Victoria Hospital, og Ketevan gjekk på St. Catherine's Primary School og katolske Dominican College i Fortwilliam.
Familien flytta til det sørvestlege London i 1998. Som femtenåring vann Melua ein talentkonkurranse i den britiske fjernsynskanalen ITV med å synge Badfinger-songen «Without You». Ho studerte seinare utøvande kunst på BRIT School i Croydon, der ho fekk A-karakterar i musikk. Melua tok til å skrive songar i 2001 medan ho framleis gjekk på gymnaset. Her vart ho oppdaga av produsenten og låtskrivaren Mike Batt.
Diskografi
[endre | endre wikiteksten]- Call Off the Search (2003)
- Piece by Piece (2005)
- Pictures (2007)
- The House (2010)
- Secret Symphony (2012)
- Ketevan (2013)
- In Winter (2016)
- Album No. 8 (2020)
- Love & Money (2023)