Lena Meyer-Landrut

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Lena Meyer-Landrut
Lena Meyer-Landrut01.jpg
Verkeleg namn Lena Meyer-Landrut
Alias Lena
Fødd 23. mai 1991
Hannover i Tyskland
Sjanger pop, indiemusikk, indiepop
Yrke stemmeskodespelar, songar, komponist, skodespelar, pianist

Lena Meyer-Landrut, kjend som Lena, (fødd 23. mai 1991 i Hannover) er ein tysk songar. I mai 2010 gav Lena ut debut-cd-en My Cassette Player som selde svært godt i Tyskland.

Eurovision Song Contest 2010[endre | endre wikiteksten]

Lena Meyer-Landrut vann Unser Star für Oslo og fekk representere Tyskland i Eurovision Song Contest 2010, der ho kom på 1. plass. Vinnarsongen hennar, «Satellite», skilde seg ut fordi Meyer-Landrut ikkje hadde noko sprakande danseshow eller sceneeffektar. Ho framførte songen i ein enkel, svart kjole med fire bakgrunnssongarar. Rytmen i songen var også litt uvanleg for Eurovision.

Sommaren 2010 var ho med i det norske fjernsynsprogrammet Allsang på grensen der ho song vinnarlåten frå Eurovision Song Contest 2010, «Satellite».

Eurovision Song Contest 2011[endre | endre wikiteksten]

Seinare i 2010 var Meyer-Landrut med i programmet Unser Song für Deutschland der det tyske folket skulle velja kva for song ho skulle syngje då ho skulle representere Tyskland i Eurovision Song Contest 2011. Den nasjonale tyske uttakinga bestod altså utelukkande av ulke bidrag framførd av Lena.

Vinnarbidraget vart songen «Taken By A Stranger», som ho representerte Tyskland med på nytt i Eurovision Song Contest 2011. Bidraget enda på ein 10. plass. I tillegg til å deltake song ho «Satellite» som opningsnummer saman Stefan Raab og delte ut vinnartrofeet til Ell & Nikki.

Eurovision Song Contest 2012[endre | endre wikiteksten]

Som pausenummer i den andre semifinalen i Eurovision Song Contest 2012 framførte ho fyrst «Satellite» åleine og sidan «Waterloo», opphavleg framført av ABBA, saman med fire tidlegare vinnarar, Marija Šerifović, Dima Bilan, Alexander Rybak og Ell & Nikki.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]