Kirsti Koch Christensen

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Kirsti Koch Christensen
Fødd1. desember 1940
NasjonalitetNoreg
Områdespråkvitskap
Yrkespråkforskar
InstitusjonarUniversitetet i Bergen
Alma materUniversitetet i Oslo
MedlemDet Kongelige Norske Videnskabers Selskab

Kirsti Koch Christensen (fødd 1. desember 1940) er ein norsk lingvist som var rektor ved Universitetet i Bergen frå 1999 til 2005.

Koch Christensen vart i 1978 mag.art. i allmenn språkvitskap ved Universitetet i Oslo. Ho har hatt forskingsopphald ved University of Hawaii, Massachusetts Institute of Technology og Stanford University, i tillegg til studieopphald blant anna i Kobe i Japan. I 1991 vart Koch Christensen professor i lingvistikk ved Universitetet i Bergen med særleg ansvar for japansk. Ho hadde då tidlegare vore førsteamanuensis i lingvistikk ved Universitetet i Bergen (1988–1990) og ved Universitetet i Oslo (1990–91).

Koch Christensen har hatt ei rekkje leiar- og styreverv, både i akademia og i samfunns- og næringsliv. I perioden 2002-2005 var Koch Christensen leier i Universitets- og høgskolerådet (UHR). Vidare har ho vore styreleiar i Center for Advanced Study in Theoretical Linguistics (CASTL) ved UiT frå 2003, styreleiar og styremedlem i Nordisk institutt for Asiastudier, og dessutan vore medlem av hovudstyret i Noregs forskingsråd. Koch Christensen har vidare vore medlem av Styringsgruppa til nordisk ministerråd for høgare utdanning (Høgut) og av Rådet og fagnemnda Norsk språkråd. Koch Christensen har òg hatt styreverv i Nasjonalt institutt for ernærings- og sjømatforskning (NIFES), Festspela i Bergen, forlaget Gyldendal og Statoil.

3. april 2003 vart Koch Christensen utnemnt til Riddar 1. klasse av Den Kongelege Norske St. Olavs Orden. I 2006 vart Koch Christensen tildelt den japanske ordenen Den oppadstigande solas orden, gylne strålar med band om halsen, for arbeidet sitt for japansk kultur, utviklinga av japansk språkundervising i Noreg og for bidraget sitt til å fremje venskapelege samband mellom Noreg og Japan.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]


Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]