Kjell Hovik

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Kjell Hovik
Fødd 20. august 1937
Yrke friidrettsutøvar

Kjell Hovik (fødd 20. august 1937) er ein norsk tidlegare friidrettsutøvar frå Trondheim som tevla i stavhopp. Han var bestemann i øvinga i Noreg i perioden 1959-64, då han vann seks rake NM-gull og forbetra den norske rekorden 12 gongar.

Aktiv[endre | endre wikiteksten]

Hovik, som var medlem av SK Freidig, tok NM-medaljar i stavhopp i ni år på rad. Etter to sølvmedaljar og ein bronsemedalje opna han i 1959 ei sigersrekke som varte til han la opp i 1964. Den 12. juli 1960 forbetra han på Bislett stadion den tolv år gamle norske stavrekorden tilhøyrande Erling Kaas med ein centimeter til 4,32 m. Gjennom fem veker i juni/juli 1961 forbetra han noregsrekorden fire gongar, til 4,35 – 4,40 – 4,45 og sist 4,47 m. 3. juli 1962 svinga han seg over 4,50 m på Bislett, før han to månader seinare klarde 4,53 m heime i Trondheim. Rekordforbetringa heldt fram i juli, august og september månad 1963 med hopp på 4,55 – 4,60 (NM i Trondheim) – 4,62 og 4,65 m. Sin tolvte og siste rekord sette Hovik 3. juli 1964 i Trondheim då han tok seg over 4,70 m. Denne rekorden stod til Reidar Aarskog i 1973 flytta den til 4,81 m.

Hovik representerte Noreg i 30 landskampar.

Medaljar i norske meisterskap[endre | endre wikiteksten]

  • 1956: Sølvmedalje i stavhopp – 3,70 m, bak Hermund Høgheim
  • 1957: Sølvmedalje i stavhopp – 4,00 m, bak Hermund Høgheim
  • 1958: Bronsemedalje i stavhopp – 3,80 m
  • 1959: Gullmedalje i stavhopp – 4,15 m, framom Hermund Høgheim
  • 1960: Gullmedalje i stavhopp – 4,10 m, framom Hermund Høgheim
  • 1961: Gullmedalje i stavhopp – 4,35 m, framom Reidulv Førde
  • 1962: Gullmedalje i stavhopp – 4,35 m, framom Reidulv Førde
  • 1963: Gullmedalje i stavhopp – 4,60 m, framom Reidulv Førde
  • 1964: Gullmedalje i stavhopp – 4,60 m, framom Reidulv Førde

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  • Magnus Breili: Sport i navn & tall. 1971
  • friidrett.no