Kjell Jacob Sollie

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Kjell Jacob Sollie
Fødd 1953
Yrke langrennsløpar

Kjell Jacob Sollie (fødd 1953) er ein norsk tidlegare langrennsløpar. Han driv i dag eit byggfirma i heimbygda Ålen i Sør-Trøndelag.

Sollie vann sølvmedaljen på 15 km under noregsmeisterskapen i langrenn 1977. Han kom i mål 3,7 sekundar etter noregsmeisteren, Tore Gullen, men seks og åtte sekundar føre dei neste på resultatlista, Magne Myrmo og Oddvar Brå. To år seinare vart det bronse på femmila under NM, berre Oddvar Brå og Lars Erik Eriksen gjekk fortare. Same sesongen gjekk han sitt truleg beste renn, han vart då nummer tre i verdscuprennet over 30 km i Falun, bak vinnaren, svensken Sven-Åke Lundbäck og Nikolaj Zimjatov frå Sovjetunionen. Sollie tevla for Ålen Idrettslag.

Besteplasseringar i internasjonale meisterskap og renn[endre | endre wikiteksten]

  • 1977: Nr 11 på 15 km i Holmenkollen
  • 1979: Nr 3 på 30 km i Falun

Medaljar og besteplasseringar i noregsmeisterskap[endre | endre wikiteksten]

  • 1975: Nr 7 på tremila i Heddal
  • 1976: Nr 12 på 30 km i Surnadal
  • 1977: Sølvmedalje på 15 km i Vang
  • 1978: Nr 9 på 30 km på Konnerud
  • 1979: Bronsemedalje på 50 km i Rindal

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  • Sportsboken, aktuelle årgangar