Lars Erik Eriksen

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Lars Erik Eriksen
Statsborgarskap Noreg
Fødd 29. desember 1954
Oslo
Idrett langrenn
Yrke langrennsløpar

Lars Erik Eriksen (fødd 29. desember 1954) er ein tidlegare norsk langrennar. Han var mellom dei beste i norsk langrenn i perioden 1977 til 1984. Han representerte først Bjerke IL, seinare Nannestad Skiklubb.

Karriere[endre | endre wikiteksten]

Eriksen var med på det norske stafettlaget (4x10 km) som vart verdsmeistrar på heimebane i 1982, gullet vart delt med Sovjetunionen sitt lag. I same meisterskapen vann han sølvmedaljen på 30 km og bronsemedaljen på 50 km. Eriksen var og med på stafettlaget som kom på bronseplassen under VM i 1978 og stafettlaget som erobra sølvmedaljen under OL i Lake Placid to år seinare. Han vann i 1984 i Lahti sin einaste verdscupsiger. Der sigra han i sekundstrid mot Thomas Wassberg på 15 kilometeren. Eriksen vart norgesmeister fire gonger (1980, 1983 og 1984).

Medaljar og besteplasseringar i internasjonale meisterskap og renn[endre | endre wikiteksten]

  • 1976: Nr 13 på 50 km i Holmenkollen.
  • 1977: Nr 7 på 50 km i Lahti.
  • 1978: Nr 5 på 50 km og nr 8 på 30 km i VM i Lahti. Nr 4 på 30 km i Falun og på 50 km i Holmenkollen.
  • 1979: Vinnar av 50 km i Lahti, nr 3 på 50 km i Holmenkollen.
  • 1980: Nr 4 på 50 km i OL i Lake Placid. Nr 2 på 15 km i Lahti.
  • 1981: Nr 5 på 15 km i Holmenkollen.
  • 1982: Sølvmedalje på 30 km og bronsemedalje på 50 km under VM i Holmenkollen.
  • 1983: Nr 6 på 15 km i Holmenkollen.
  • 1984: Vinnar av 15 km i Lahti (hans einaste verdscupsiger). Nr 6 på 30 km i OL i Sarajevo. Vinnar av 15 km i Holmenkollen.
  • 1985: Nr 8 på 50 km i Holmenkollen.

Medaljar i VM- og OL-stafettar[endre | endre wikiteksten]

  • 1978: Bronse (VM).
  • 1980: Sølv (OL).
  • 1982: Gull (VM).

Medaljar og besteplasseringar i norgesmeisterskap[endre | endre wikiteksten]

  • 1976: Nr 4 på 50 km, Oppdal.
  • 1978: Sølvmedalje på 30 km, Konnerud.
  • 1979: Sølvmedalje på 50 km i Rindal og bronsemedalje på 15 km i Steinkjer.
  • 1980: Gullmedalje på femmila i Vingrom, bronse på 30 km i Asker.
  • 1981: Bronsemdalje på 50 km på Eidsvoll.
  • 1982: Sølvmedalje på 50 km i Trondheim.
  • 1983: Gullmedalje både på 15 km og på 30 km, Lillehammer.
  • 1984: Gullmedalje på 50 km i Hof.
  • 1988: Nr 10 på 15 km, Vang.

Eriksens beste samanlagtplasseringar i verdscupen var to andreplassar (1978 og 1979) og tredjeplassen i 1980. Han vart tildelt Holmenkollmedaljen i 1984 og Lahtimedaljen same sesongen.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  • Sportsboken, aktuelle årgangar