Klima i Bolivia

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Kart over Bolivia etter Köppen si klimaklassifisering.
Sesongelv i Altiplano de Bolivia i juni 2007.

Klimaet i Bolivia er prega av at landet ligg på tropiske breiddegradar, men klimaet varierer frå tropisk i låglandet til polarklima i dei høgare delane av Andes. Temperaturen kjem i hovudsak av høgda over havet med mindre variasjonar mellom årstidene. På dei fleste stadar fell det meste av regnet om sommaren på den sørlege halvkula, og årsnedbøren er større i sør enn i nord.[1]

Låglandet i Bolivia har regnskogen i nordaust og grassletta Gran Chaco i søraust. Begge områda er varme og fuktige, og temperaturen i Chaco-området går ofte over 40 °C frå september til desember, og begge områda får ein god del regn frå november til april. Nedbørsmengdene er størst i nord, men Chacosletta vert ofte omvandla til eit sumpområde i regntida.

Altiplano er eit høgt platå i Bolivia med ei middelhøgd på 3800 m. Platået er både lågare og på lågare breidder enn Tibetplatået, og derfor vert ikkje Altiplano råka av vêrsystema på midlare breidder. Platået er ekstremt tørt og har mykje tropisk sol, og temperaturane varierer vanlegvis omkring 20 °C mellom dag og natt. Charaña registrerte ein gong ei imponerande temperatursvinging på heile 42 °C mellom natta og dagen. Desse temperaturkontrastane er særleg store om hausten (mars til mai). Sjølv på vinteren kan temperaturen gå langt under 0 °C om natta for så å krype over 10 °C om dagen. La Paz ligg like under den nordlege kanten av Altiplano, og nattetemperaturane vert derfor ikkje så låge som lenger sør. Vinteren på Altiplano er som regel krystallklar, og det kjem berre ei lita mengd snø kvart år. Dei milde somrane fører ofte til intense torevêr, og kan av og til føre til litt sludd eller snø som raskt forsvinn. Altiplano, som òg vert utsett for sterke og kalde vindar, har eit tørt og kaldt klima med skilnader i dagstemperaturar og nedbør mellom nord og sør. Den gjennomsnittlege høgaste dagstemperaturen ligg mellom 15 og 20 gradar, men om sommaren kan jan overstiga 27 gradar. På kveldstid kan temperaturen falla ned mot null gradar. Titicacasjøen lindrar kulde, men langs strendene til sjøen kan det finnast frost året rundt, og snøfall er ikkje uvanleg.[1]

Det nordlege låglandsområdet har tropisk fuktig klima med høge temperaturar året rundt, høg luftfukt og rikeleg med regn. Middeltemperaturen om dagen overstig 30 gradar celsius på dei fleste stadar året rundt. Dei nordaustlege passatvindane som blæs over nedbørsfeltet til Amazonas ber med seg store mengder regn. Det fell ofte regn under mindre torevêr, ofte saman med sterke vindar og hagl.[1]

Det sentrale låglandet har eit tropisk fuktig og tørt klima. Mellom oktober og april dominerer nordaustlege passatvindar, og vêret er då varmt, fuktig og regnfullt. Mellom mai og september tek tørre søraustlege vindar kontrollen, og nedbøren i denne perioden er liten. I denne årstida gjer klare dagar og skyfrie netter at dagstemperaturene er høgare, og nattemperaturene er lågare enn i regnperioden. Tilfeldige sterke vindar frå sør, kalla surazos, kan blåsa om vinteren og gje låge temperaturar i fleire dagar.[1]

Gran Chaco har eit subtropisk steppeklima. Dei nordaustlege passatvindane ber med seg regn og varmt fuktig vêr mellom januar og mars. Øvrige månader er tørre med varme dagar og kalde netter. Bolivias høgaste temperatur, 47 gradar, vart målet i dette området.[1]

Temperaturar og nedbør i fjella varierer mykje. Yungas, der dei fuktige nordaustlege passatvindane treff på fjella er det mest overskya, fuktigaste og regntette området med ein årsnedbør på 152 centimeter. Skyfulle dalar og nedbørsfeltet i heile Cordillera Oriental har milde temperaturar og ein nedbør på mellom 64 og 76 centimeter per år. Det kan falla snø på høgder over 2 000 meter over havet. Området over 5 500 meter har polarklima.[1]

Bioklimatiske landskap i Bolivia
Tropisk regnskog
Los Yungas i La Paz
Kald ørken
Dalí-ørkenen i Potosí
Tørr lauvskog
Chaqueño-skogen i Santa Cruz
Dal
Samaipata i Santa Cruz
Regnskog
Amazonregnskogen i Cochabamba
Fuktig Altiplano
Collao-platået i La Paz
Tørr Altiplano
Isla del Pescado i Potosí
Isbre
Bresjø i La Paz

Kjelder[endre | endre wikiteksten]