Knoppsildre

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Knoppsildre
Knoppsildre
Knoppsildre
Utbreiing
Utbreiinga av Knoppsildre
Utbreiinga av Knoppsildre
Systematikk
Rike: Planteriket Plantae
Overrekkje: Landplantar Embryophyta
Rekkje: Karplantar Tracheophyta
Underrekkje: Frøplantar Spermatophytes
Orden: Sildreordenen Saxifragales
Familie: Sildrefamilien Saxifragaceae
Slekt: Sildreslekta Saxifraga
Art: Knoppsildre S. cernua
Vitskapleg namn
Saxifraga cernua

Knoppsildre (Saxifraga cernua) er ein fleirårig urteplante i sildrefamilien.

Planten er låg med ein opprett, spinkel stengel. Dei nedre blada er nyreforma med 5–7 fliker og lang stilk. Stengelblada har få eller ingen flikar og har raude yngleknopper i bladhjørna. Blomane er kvite, 12–18 mm store og sit einskildvis. Knoppsilde veks på kalkgrunn der marka er våt, ofte i skugge. Han formeirar seg hovudsakleg med yngleknoppar, og set sjeldan frø.

Planten har sirkumpolar utbreiing i Arktis og i fjellstrøk lenger sør. Han er polyploid og kromosomtalet varierer, 2n = 24–72. Arten har truleg oppstått som ein hybrid mellom bekkesildre (S. rivularis) på den eine sida, og Saxifraga sibirica og Saxifraga radiata på den andre.

I Europa finst knoppsildre på Island, Jan Mayen, Svalbard, Frans Josefs land, Novaja Semlja, langs den skandinaviske fjellkjeda i Noreg, Sverige og Finland og dessutan i Skottland, Nord-Russland og nokre få stader i Alpane og Karpatane. I Noreg er knoppsildre ganske vanleg i fjellet i heile landet og finst opp til 2200 moh. i Jotunheimen.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Litteratur[endre | endre wikiteksten]

  • C. Grey-Wilson og M. Blamey; norsk utgave T. Faarlund og P. Sunding. Teknologisk Forlags store illustrerte flora for Norge og Nord-Europa. Teknologisk Forlag. s. 172–173. ISBN 82-512-0355-4. 
  • «Knoppbräcka». Den virtuella floran. Arkivert frå originalen 13. juli 2022. Henta 4. november 2015. 

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]