Knut Brynildsen

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Knut Brynildsen
Fødd 23. juli 1917
Fredrikstad
Død

15. januar 1986

Knut Brynildsen (23. juli 191715. januar 1986) var ein norsk fotballspelar som i alle sine år som aktiv spelte på Fredrikstad Fotballklubb. I tida 1935-48 spelte han 18 landskampar og skåra ti landslagsmål. Mellom anna deltok han i fotball-VM i 1938.

Brynildsen var senterløpar hos Fredrikstad i mange sesongar, både før og etter andre verdskrigen. Han vart cupmeister i 1935, 1936, 1938 og 1940, og seriemester i 1938, 1939 og 1949. I 1936 skåra han begge måla då Fredrikstads vann cupfinalen 2-0 over Mjøndalen.

Brynildsen debuterte for Noreg i ein bortekamp mot Sveits i Zürich 3. november 1935, ein kamp som enda med tap 0-2. Han var senterløpar då Noreg i Marseille vart slått ut or fotball-VM 1938 av den blivande verdsmeisteren, Italia, som vann 2-1 etter ekstraomgangar. Etter verdskrigen var han i fleire kampar norsk landslagskaptein. Han spelte sin 18. og siste landskamp då Noreg 6. august 1948 slo eit USA-landslag med 11-0 på Ullevaal stadion, før den tid hadde han skåra 10 mål for Noreg.

Merittar[endre | endre wikiteksten]

  • Cupmeister med Fredrikstad: 1935, 1936, 1938 og 1940
  • Vinnar av Norgesserien med Fredrikstad: 1938 og 1939
  • Vinnar av Hovedserien med Fredrikstad: 1949

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  • Magnus Breili:Fotballboken. 1967