Nils Eriksen
Nils Eriksen | |
Statsborgarskap | Noreg |
Fødd | 5. mars 1911 Skien kommune |
Død |
5. mai 1975 (64 år) |
Yrke | fotballspelar, fotballtrenar |
Nils Eriksen på Commons |
Nils Kristian Eriksen (5. mars 1911–5. mai 1975) var ein norsk fotballspelar frå Gjerpen som spelte høgreback på det såkalla Bronselaget under Sommar-OL 1936.
Eriksen var ein framifrå forsvarsspelar for Odd og det norske landslaget neste heile 1930-talet. Som Odd-spelar vart han cupmeister i 1931 og tapte han cupfinalen 1937, ved begge høva stod Mjøndalen IF på motsett banehalvdel. I 1939 busette han seg i Moss og spelte i 1939 på Moss FK.
Frå debuten hausten 1931 til han spelte sin 47. og siste landskamp mot Danmark i København 22. oktober 1939, den siste landskampen før Noreg kom med i verdskrigen, aksla Eriksen den norske landslagstrøya 47 gongar. I 1936 var han med på Bronselaget og i 1938 på det norske laget som tapte 1-2 mot Italia i fotball-VM 1938 i Marseille. Vanlegvis var han høgreback, men kunne også vere venstreback. Frå 1937 tok han over som senterhalf i midtforsvaret og kaptein for det norske landslaget. Han «ble ofte berømmet for sitt hodespill, sine taklinger og sine utspill. Som lagkaptein inntok han en særstilling, og han hadde en makeløs evne til å lede gutta, inspirere dem og gi dem seierstro».[1]
Åra 1955–58 var Eriksen med i uttakskomitéen for det norske landslaget, det såkalla UK.
Sonesonen Nils Espen Eriksen var målvakt for Moss FK då klubben vart norsk meister i 1983.
Merittar
[endre | endre wikiteksten]- OL-bronse: 1936 med Noreg
- Noregsmeister: 1931 med Odd
- Tapande cupfinalist: 1937 med Odd
Notar og kjelder
[endre | endre wikiteksten]- ↑ Magnus Breili:Fotballboken. 1967
- Denne artikkelen bygger på «Nils Eriksen» frå Wikipedia på bokmål, den 6. oktober 2015.
- Einskildmenn
- Fødde i 1911
- Døde i 1975
- Norske fotballspelarar
- Norske landslagsspelarar i fotball
- Olympiske bronsemedaljevinnarar for Noreg
- Medaljevinnarar under sommar-OL 1936
- Norske deltakarar under sommar-OL 1936
- Fotballspelarar under sommar-OL 1936
- Spelarar i Fotball-VM 1938
- Odd-spelarar
- Moss-spelarar
- Folk frå Skien