Magnar Isaksen

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Magnar Isaksen

Statsborgarskap Noreg
Fødd 13. oktober 1910
Kristiansund kommune
Død

8. juni 1979 (68 år)
Oslo

Yrke fotballspelar
Magnar Isaksen på Commons

Magnar Nikolai Isaksen (13. oktober 19108. juni 1979) var ein norsk fotballspelar frå Kristiansund som var med på det såkalla Bronselaget under Sommar-OL 1936. Han «var en nyttig og uegoistisk innerløper som fant de riktige posisjoner og som kunne plassere sine skudd».[1]

Isaksen var fødd i fattige kår i Kristansund. Faren var sjømann og tømrar, innflytta frå fiskeværet Titran, mora var frå Bremnes.[2] Før han busette seg i Oslo, spelte Isaken på Kristiansund Fotballklubb. I hovudstaden melde han seg inn i Lyn.

Sommaren 1936 debuterte Isaksen på det norske landslaget straks før Sommar-OL 1936. Under leikane i Berlin vart han den store helten då Noreg slo Tyskland 2-0 i kvartfinalen, ettersom han skåra begge måla. Han deltok i tre av dei fire OL-kampane, men ikkje i sjølve bronsekampen mot Polen. Også i fotball-VM i 1938 i Frankrike var han ein av Noregs utvalde spelarar. Til saman fekk Isaksen 14 landskampar i tida 1936-38, og skåra fem landslagsmål.

Isaksen vart norsk meister med Lyn i 1945, etter mellom andre å ha slått ut moderklubben Kristiansund i kvartfinalen. Etter cupfinalen la han opp.

Merittar[endre | endre wikiteksten]

  • OL-bronse: 1936 med Noreg
  • Noregsmeister: 1945 med Lyn

Notar og kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. Magnus Breili: Fotballboken. 1967
  2. Folketeljinga 1910