Arne Brustad

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Arne Brustad
Fødd 14. april 1912
Christiania
Død

22. august 1987
Oslo

Yrke fotballspelar

Arne Brustad (14. april 191222. august 1987) var ein fotballspelar frå Oslo som spelte på Bronselaget under Sommar-OL 1936. Han var i alle sine år medlem av Lyn, og vann to NM-gull etter 2. verdskrigen. Mellom 1935 og 1946 fekk han 33 landskampar for Noreg, og skåra 17 landslagsmål.

Brustad debuterte på landslaget 31. mai 1935, i ein kamp Noreg vann 2-0 over Ungarn. Året etter var han ein sentral spelar då Noreg vann bronsemedaljen under Sommar-OL 1936 i Berlin. På dei fire kampane Noreg spelte i olympiaden, skåra han fem mål, mellom anna alle dei norske måla då Noreg vann bronsefinalen 3-2 over Polen.

Noreg deltok i 1938 for fyrste gong i fotball-VM, og vart slått ut i fyrste runde. Motstandar var Italia, den komande verdsmeisteren, som vann 2-1 etter ekstraomgangar. Brustad skåra det norske målet og hadde elles ei nettkjenning like før ordinær tid var ute, denne vart annulert for offside. Hausten 1938 vart Brustad som einaste skandinav teken ut på Europalaget som spelte mot England på Highbury i London. Drakta frå den kampen, samt medaljar og trofe er i dag utstilt på Fotballmuseet på Ullevaal stadion.

Brustad og Lyn nådde ikkje heilt opp i norsk klubbfotball før 2. verdskrigen. Suksessen kom derimot i 1945 og 1946, då laget vart norsk meister begge åra etter sigrar over Fredrikstad FK.

Merittar[endre | endre wikiteksten]

  • OL-bronse: 1936 med Noreg
  • Noregsmeister: 1945 og 1946 med Lyn

Kjelder[endre | endre wikiteksten]