Øivind Holmsen

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Øivind Holmsen
Bronselaget 1936.jpg
Fødd 28. april 1912
Christiania
Død

23. august 1996
Oslo

Øivind Josef Holmsen (28. april 191223. august 1996) var ein norsk fotballspelar frå Oslo. Han var venstreback på Lyn og det berømte Bronselaget frå Sommar-OL 1936 i Berlin. Holmsen «var rask til bens og rask i tankegangen, sikker i plasseringen og i samarbeidet med sin partner; han taklet ypperlig og briljerte med rene utspill.»[1]

Holmsen var medlem av Fagerborg til 1932, då han melde overgong til Lyn. Han vart noregsmeister med Lyn i 1945 og 1946, i begge cupfinalane vann oslolaget over Fredrikstad FK.

Holmsen debuterte på landslaget mot Austerrike i 1934, i Noregs landskamp nr 100, og fekk straks hevd på backposisjonen til venstre. To år seinare deltok han i sommarleikane 1936 i Berlin, der Noreg vann bronse etter å ha slått ut Tyrkia og Tyskland, samt vunne bronsekampen 3-2 over Polen. Også i VM i fotball 1938 var han med då Noreg, etter ekstraomgangar, måtte gje tapt 1-2 mot Italia. Holmsen deltok i 36 landskampar i perioden 1934–45, frå sin backposisjon skåra han ingen mål.

Merittar[endre | endre wikiteksten]

  • OL-bronse: 1936 med Noreg
  • Noregsmeister: 1945 og 1946 med Lyn

Notar[endre | endre wikiteksten]

  1. Magnus Breili: Fotballboken. 1967