Kontorsjef Johan Henrik Cappelen

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Sjå også Johan Henrik Cappelen (1795-1850) og Johan Cappelen (1889-1947).
Johan Henrik Cappelen
Statsborgarskap Noreg
Fødd 10. desember 1838
Død

4. oktober 1900 (61 år)

Yrke jurist
Far Johan Henrik Cappelen

Johan Henrik Cappelen (10. desember 18384. oktober 1900) var ein norsk jurist og embetsmann, som var kontorsjef i Stortinget 1871-1900.

Cappelen var fødd i Leikanger i Sogn, der faren Johan Henrik Cappelen var sorenskrivar. Etter faren var død i 1850 budde familien i Kristiania. Han var frå 1859 tilsett som referent i Stortinget, referentsjef frå 1868. Medan han arbeidde som referent studerte han jus, ferdig utdanna cand. jur. i 1862. Frå 1871 var han arkivar og kontorsjef på Stortinget fram til han døydde. I si tid på Stortinget fekk han innført det såkalla Gabelsbergers stenografisystem.

I 1889 vart Johan Cappelen riddar av 1. klasse av St. Olavs orden for «fortjenstfuld Virksomhed i sin Stilling».

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Litteratur[endre | endre wikiteksten]

  • Alf Kaartvedt m.fl.: Det Norske Storting gjennom 150 år, bind IV, Oslo 1964, side 300, 302-03, 317, 449, 451
  • Thomle, E. A.: Familien (von) Cappelen i Norge og Danmark, Christiania 1896