Kopp

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Kopp frå traktbegerkulturen (yngre steinalder i Europa), ca. 2800 f.Kr.

Kopp (norrønt koppr, av latin cuppa) er ei lita skål, beger eller liknande. Koppar blir ofte nytta som drikkekar, og kan ha ein eller fleire hankar slik at ein til dømes kan halda koppen utan å brenna seg. Koppar kan også ha lokk. Dei finst i mange materiale og utformingar.

Drikkekar[endre | endre wikiteksten]

Koppar til å drikka av kan vera av porselen, keramikk, glas, plastmateriale og anna. For særskilde føremål kan ein ha te- eller kaffikoppar, babykoppar med lokk og drikketut, bartekoppar med hylle til bart og anna.

Andre føremål[endre | endre wikiteksten]

Kopp kan også til ulike kar og begerliknande ting, som barberkopp, sausekopp, saltkopp, såpekopp, nøstekopp, brynekopp eller smørjekopp.[1]

Sugekoppar er koppforma kroppsdelar eller reiskapar som kan setja seg fast på ein flate ved hjelp av eit delvis vakuum.

Mjølkemaskinar har spenekoppar til å festa på spenene til kyrne og tappa ut mjølk.

Helse[endre | endre wikiteksten]

I eldre medisin brukte ein å setja små glas eller koppar på folk for å tappa små mengder blod som remedie for ulike helseproblem (sjå årelating). I kinesisk folkemedisin og nyare alternativ medisin er kopping ein terapimetode der ein set koppar på huda og skapar ei utsugingseffekt. Sjukdomsnamnet koppar kan vera avleidd av denne behandlinga ettersom blemmene ein får kan minna om merka etter koppsetjing.[2]

Idrett[endre | endre wikiteksten]

Innan golf blir holet i slutten av banen kalla ein puttekopp.

Det engelske ordet for pokal er cup, og dette kan visa til ulike tevlingar og meisterskap der ein vinn pokalar.[3][4]

Volummål[endre | endre wikiteksten]

Kopp eller cup kan vera eit volummål, særleg i engelsktalande land, som svarer til mellom ca. 236,6 cm3 og 2,4 dl. Nemninga kaffikopp (kkp) kan brukast i oppskrifter for eit volum som svarar til rundt 1,5 dl.[5]

Andre tydingar av ordet kopp[endre | endre wikiteksten]

Det lågtysk ordet kop, 'hovud', har gjeve omgrepet koppskatt og etterstavinga -kopp som kan brukast om ein person (som masekopp, rotekopp eller rørekopp).

Det kan også visa til det halvrunde hovudet på naglar eller kortsida av ein teglstein. Koppstein (koppsten) kan visa til murstein som er murte med kortsida ut, eller til bygningsstein frå berg med nær kvadratiske tverrsnitt.[6][7]

Sjøfart[endre | endre wikiteksten]

I heiseverk kan kopp eller spelkopp vera den øvste delen av eit gangspel eller ein kort sylinder i enden av ein vinsj.[8]

Sjå òg[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. «kopp» i Nynorskordboka.
  2. «kopper». Det Norske Akademis ordbok /. Henta 25. juli 2018. 
  3. «cup» i Nynorskordboka.
  4. «Kop». ODS. 1929. 
  5. «kopp» i Nynorskordboka.
  6. «koppstein». Det Norske Akademis ordbok. Henta 25. juli 2018. 
  7. «koppstein». Norsk historisk leksikon (2 utg.). lokalhistoriewiki.no/Cappelen Damm. 2004. Henta 25. juli 2018. 
  8. «kopp». Det Norske Akademis ordbok. Henta 25. juli 2018.