Kopparstad

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Fakta om Kopparstad
Kommune: Herøy
Fylke: Møre og Romsdal
Matrikkelgardar: Kopparstad (gnr 3)
Folkemengd: 128 (2005)
Postnummer: 6098 Nerlandsøy

Kopparstad er ein av tre grunnkrinsarNerlandsøya i Herøy kommune på Sunnmøre, og tilsvarar matrikkelgarden med same namn. Kopparstad grensar til grunnkrinsen Kvalsund i aust og Kvalsvik i nord.

Geografi[endre | endre wikiteksten]

Kopparstad strekkjer seg frå Søre Vaulen, og opp på Kvalsundfjellet, og frå Kvalsund grunnkrins til Skorpesundet. Kopperstad er rimeleg flatt nede med sjøen, før det går brattare og brattare oppover mot fjellet. Grunnkrinsen grensar mot Kvalsvik ved toppane Rjåhornet og Varden. Lenger nede i fjellet, inn mot grensa til Kvalsund, ligg Hestinghornet, og i andre enden av krinsen, nesten ned mot Skageneset, ligg Skagetåa. Mellom Skagetåa og Rjåhornet, ligg vatna Lisjevatnet og Lemevatnet. Fylkesveg 20 som kjem over til Kvalsund frå Bergsøya, endar på Kopparstad.

Slekstnamnet Kopperstad[endre | endre wikiteksten]

Det er i underkant av 150 som har slekstnamnet Kopperstad.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]