Kristen Kvello

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Kristen Kvello
Fødd 19. oktober 1931
Død

8. september 1998

Yrke redaktør, langrennsløpar, langrennstrener

Kristen Kvello (19. oktober 19318. september 1998) var ein norsk langrennsløpar, trenar og idrettsleiar. Han vart norsk meister på 50 km i 1957. Kvello var fødd i Nesna og oppvaksen i Selbu. Som aktiv skiløpar representerte han Mebondens Idrettslag og seinare BUL Oslo.

Karriere[endre | endre wikiteksten]

Langrennsløpar[endre | endre wikiteksten]

Kvello vart norsk meister på 3 x 10 km stafett i 1952 og 1953, der han representerte Sør-Trøndelag skikrins. Individuelt vart han i 1953 nummer 10 på 18 km. Han utdanna seg ved Statens gymnastikkskole i 1954 og arbeidde dei neste fire åra som idrettsoffiser. I 1956 kom han på ein delt sjuandeplass på femmila i Holmenkollen, nærare elleve minuttar bakom den suverene vinnaren, Arvo Viitanen frå Finland.

Langrennsløparen Kvello nådde toppen i 1957-sesongen. Fyrst tok han bronsemedaljen på 30 km under ski-N i Mo i Rana, før han seinare i sesongen vart han norsk meister på 50 km. Femmila vart då avvikla på Rena, der Kvello gjekk i mål på sluttida 3.28.31 og slo dermed Magnar Ingebrigtsli med 13 sekundar. Kvello deltok for Noreg på 50 km i VM 1958 i Lahti, men braut løpet.

Langrennstrenar[endre | endre wikiteksten]

Sommaren 1958 la Kvello opp som aktiv skiløpar for å verte rikstrenar i langrenn. Han vart då første rikstrenaren sidan Arne Rustadstuen i sesongen 1939/40, og den første på heilårsbasis. Norske langrennsløparar hadde etter verdsmeisterskapen berre ein fjerdeplass på 4x10 km stafett å vise til, og det vart samla inn pengar for å satse på langrennssporten. Kvello starta trenarkarrieren med å reise rundt for å få innblikk i treningsprinsipp, han besøkte Finland og Sovjetunionen. Kvello hadde ein lun veremåte og la vekt på trivsel og godt humør på landslaget. I Kvellos tid som landslagstrenar vann norske utøvarar medaljar i alle dei tre internasjonale meisterskapane, OL 1960, VM 1962 og OL 1964. Kvello avslutta trenarjobben i 1964, og vart etterfylgd som rikstrenar av Oddmund Jensen.

Frå 1977 til 1981 var Kvello redaktør for Norges Skiforbund sitt blad Skiidrett. Perioden 1977-82 var han medlem av langrennskomiteen i det internasjonale skiforbundet, FIS. Kvello var speaker på mange idrettsarrangement, mellom anna under VM 1982 i Holmenkollen der dottera Berit Aunli tok tre gull.

Bibliografi[endre | endre wikiteksten]

  • Kvello, Kristen: Ski, stjerner og ungdom. 1965
  • Kvello, Kristen: Skiskole med Oddvar Brå & Ivar Formo. 1978

Litteratur[endre | endre wikiteksten]

  • Gotaas, Thor: Først i løypa: Historien om langrenn i Norge. 2010

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  • Sportsrevy, aktuelle årgangar