Oddmund Jensen

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Oddmund Jensen
Statsborgarskap Noreg
Fødd 26. september 1928
Sørfold kommune
Død

6. mars 2011 (82 år)
Lillehammer kommune

Yrke langrennsløpar

Oddmund Ingvald Jensen (26. september 19286. mars 2011) i Sørfold var ein norsk langrennsløpar og langrennstrenar. Han budde i Lillehammer sidan fyrste halvdelen av 1950-åra til han døydde.

Jensen vart noregsmeister då han vann 50 km i 1959. For denne prestasjonen fekk han kongepokalen. På 3x10 km stafett i 1958 og 1959 var han på det sigrande laget, og han vann Birkebeinerrennet fem gonger. Han vann også tre sigrar i Monolittrennet (1958, 1959 og 1964). I tevlingar med sterke internasjonale konkurrentar nådde han sjeldan opp. Andreplassen på femmila i Holmenkollen i 1960 må tevle med fjerdeplassen på 15 km i Lahti i 1964 om å vere hans beste renn. I den siste tevlinga stilte mange fleire toppløparar opp, enn det gjorde i Holmenkollen 1960.

Jensen vann si fyrste NM-medalje (bronse) på 30 km på Voss i 1955. Ni år seinare vann han si siste; same valør på same distanse og same stad. Han hadde eitt individuelt gull og fire bronsemedaljar frå NM.

Besteplasseringar i internasjonale meisterskap og renn[endre | endre wikiteksten]

  • 1955: Nr 7 på 50 km i Holmenkollen
  • 1956: Nr 4 på 50 km i Holmenkollen. Nr 17 på 30 km og nr 14 på 50 km i OL i Cortina d'Ampezzo
  • 1957: Nr 13 på 15 km i Holmenkollen
  • 1958: Nr 4 på 50 km i Holmenkollen
  • 1959: Nr 12 på 30 km i Falun
  • 1960: Nr 2 på 50 km i Holmenkollen. Nr 10 på 30 km og nr 11 på 50 km i OL i Squaw Valley
  • 1961: Nr 10 på 15 km i Holmenkollen
  • 1962: Nr 15 på 50 km i VM i Zakopane. Nr 8 på 50 km i Holmenkollen
  • 1964: Nr 4 på 15 km i Lahti

Medaljar og besteplasseringar i noregsmeisterskap[endre | endre wikiteksten]

Trenar[endre | endre wikiteksten]

Jensen var rikstrenar for herrelandslaget i langrenn i perioden 1964-78. Ingen andre har leia eit norsk langrennslandslag i tilsvarande lang tid. Han gjekk etter kvart berre under tilnamnet Riksen.

Litteratur[endre | endre wikiteksten]

  • Om Oddmund Jensen i langrenn.com:[1]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]