Kristian Asdahl

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Kristian Asdahl
Kristian Asdahl.jpg
Fødd 8. april 1920
Nes
Død

21. januar 2000
Bærum

Yrke politikar, forretningsdrivande
Kristian Asdahl på Commons

Kristian Asdahl (8. april 192021. januar 2000) var ein norsk industrileiar og politikar frå Nes i Akershus. Mellom 1954 og 1969 representerte han partiet Høgre og Akershus fylkeStortinget i tre valperiodar.

Asdahl var odelsgut, men valde å overlate odelsretten til den yngre broren Erland Asdahl. Sjølv gjekk han handelsskule i 1939, og tok examen artium i 1944. Under andre verdskrigen var han frå 1943 troppssjef i heimestyrkane i Nes.

Allereie frå 1939 til 1946 styrte Asdahl firmaet E. Asdahl AS i Årnes, eit firma far hans eigde. Dei neste åra utdanna han seg til siviløkonom ved Handelshøjskolen i København. I 1949 vende han heim og tok over firma E. Asdahl, som han eigde til 1958. Frå 1949 til 1972 var han tilsett i ulike stillingar i Stavanger Electro-Staalverk AS i Jørpeland, medan han var administrerande direktør i Stavanger Staal AS 1951-53 og 1954-63.

I politikken var Asdahl 1951-55 medlem av landsstyret i Unge Høgre og 1955-57 viseformann. Han kom inn på Stortinget frå Akershus gjennom stortingsvalet 1953. Ved neste stortingsval rauk han ut, men sikra seg ny plass i 1961 og vart attvald i 1965. Etter det siste valet spelte Asdahl ei avgjerande rolle då Høgre si stortingsgruppe skulle velje mellom Bent Røiseland frå Venstre og Per Borten frå Senterpartiet som statsminister. Han talte i alle år varmt for eit breitt samarbeid på den såkalla borgarlege sida i partipolitikken.

Asdahl var medlem i Høgre sitt landsstyre frå 1954 til 1961. Han var formann 1965-77 og 1984-91 i Noregs Bank sin representantskap, og viseformann i den mellomliggjande perioden.

I 1997 var Asdahl tildelt Kongens fortjenstmedalje i gull for samfunnsnyttig innsats. Han døydde i Bærum, der han hadde budd i lang tid.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]