Erland Asdahl
Erland Asdahl | |
Fødd | 6. april 1921 Nes |
---|---|
Død | 19. juli 1988 (67 år) |
Statsborgar av | Noreg |
Parti | Senterpartiet |
Yrke | politikar |
Verv | Stortingsrepresentant 1977–1981 |
Verv | Leiar i Bygdefolkets Ungdomsfylking 1953–1955 |
Føregangar | Sverre Vaule |
Etterfylgjar | Amund Randen |
Verv | Medlem i Akershus fylkesting 1959–1967 1971–1975 |
Verv | Medlem i Nes formannskap 1959–1963 1971–1975 |
Erland Asdahl (6. april 1921–19. juli 1988) var ein norsk gardbrukar og politikar frå Nes i Akershus. Han var stortingsrepresentant 1977-81 frå Akershus og for Senterpartiet. Kristian Asdahl var ein eldre bror.
Etter middelskuleeksamen i 1937 tok Erland Asdahl i 1941 eksamen ved Tomb jordbrukskule. Han fekk omgåande jobb gardsstyrar på storgarden Fossum i heimbygda Nes, seinare forpakta han Fossum-garden til 1957. Der etter eigde og dreiv han slekstsgarden i Nes i tida 1957-85. Dei siste leveåra var han seljar for A/S Lett-Jord til han døydde.
Asdahl engasjerte seg i politikken for Senterpartiet. Han var medlem i Nes kommunestyre 1960-67 og 1972-75, lengste tida med plass i formannskapet. Hausten 1977 vart han vald til å representere Akershus fylke og Senterpartiet på Stortinget, der han dei neste fire sesjonane var sekretær i Administrasjonskomiteen.
Asdahl var søndagsskulelærar i 42 år frå 1941. Han var formann i Årnes sokneråd 1962 og 1966-68 og i Borg bispedømmeråd 1970-74.