Kvam kyrkje i Nord-Fron

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk

Koordinatar: 61°39′56.181″N 9°41′39.702″E

Kvam kyrkje
kyrkje
none
Land Flag of Norway.svg Noreg
Fylke Oppland
Kommune Nord-Fron
Kyrkjesamfunn Den norske kyrkja
Bispedøme Hamar
Prosti Nord-Gudbrandsdal
Sokn Kvam
Fellesråd Nord-Fron
Type krosskyrkje
Arkitekt Magnus Poulsson
Teknikk lafteverk
Innvigd 12. oktober 1952
Tårn Sentraltårn
Kyrkjegard Ved kyrkja
Preikestol Mathias Fjerdingren og Anders Johnsgard e. Magnus Poulsson
Døypefont Kleberstein
Altartavle Mathias Fjerdingren og Anders Johnsgard e. Magnus Poulsson
Sitjeplassar 450
Wikimedia Commons: Kvam kirke (Nord-Fron)

Kvam kyrkje er ei tømra krosskyrkje i Nord-Fron kommune i Oppland fylke. Ho vart oppført etter krigen og vigsla i 1952, etter at den førre kyrkja brann i aprildagane 1940.

Byggmeister ved oppføringa var Anders Haverstad. Arkitekt Magnus Poulsson teikna både altartavla og preikestolen, medan treskurden er utført av Mathias Fjerdingren og Anders Johnsgard. Døypefonten er av kleberstein. Arkitekten teikna òg altarsølvet.

Ei rekke britiske soldatar fann si grav her, og på kyrkjegarden er ein eigen minnelund for desse med eit monument og namneplater. Ein kvamvær som fall i april 1940, har sitt monument, og på den andre sida av E6 er Kvam fredspark med eit minnesmerke over falne norske soldatar. På kyrkjegarden er det elles mange fine klebersteinsgravminne.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]