Hopp til innhald

Nord-Gudbrandsdal prosti

61°48′6″N 9°33′10″E / 61.80167°N 9.55278°E / 61.80167; 9.55278

Sel kyrkje

Nord-Gudbrandsdal prosti er eit tenestedistrikt i Hamar bispedømme i Den norske kyrkja. Det femner kommunane Dovre, Lesja, Lom, Nord-Fron, Sel, Skjåk og Vågå i Oppland (Innlandet fylke). Prosten har sete i Sel.

Prostiet vart skipa i 1871 og bestod då av prestegjelda Dovre, Lesja, Skjåk, Lom og Vågå som var skilde ut frå Gudbrandsdalen prosti.[1]

  • 1871 - Oppretta ved deling av Gudbrandsdalen prosti. Bestod av prestegjelda Dovre, Lesja, Skjåk, Lom og Vågå.[1]
  • 1910 - Sel skilt ut frå Vågå som eige prestegjeld.[1]
  • 1922 - Sel prestegjeld vart ført over til Midtre Gudbrandsdal prosti.[1]
  • 1972 - Sel prestegjeld og Nord-Fron prestegjeld overført til Nord-Gudbrandsdal frå Midtre Gudbrandsdal prosti (som vart lagt ned).[1][2]
  • 2004 - Utfasing av prestegjeldsordninga tek til.

Prostiet er inndelt i sokn. Soknet er grunneininga i Den norske kyrkja. Dei som arbeider i kyrkja er anten tilsette av soknet gjennom kyrkjeleg fellesråd, eller dei er tilsette i prostiet. Dei fleste prestane er tilsette i prostiet, og har tenesta si knytt til eitt eller fleire sokn.

SoknKyrkje(r)Kyrkjeleg fellesråd
Bøverdalen soknBøverdal kyrkjeLom
Dombås soknDombås kyrkje
Eysteinkyrkja
Dovre
Dovre soknDovre kyrkjeDovre
Garmo soknGarmo kyrkjeLom
Heidal soknHeidal kyrkjeSel
Kvam soknKvam kyrkjeNord-Fron
Kvikne soknKvikne kyrkjeNord-Fron
Lesja soknLesja kyrkjeLesja
Lesjaskog soknLesjaskog kyrkje
Lesjaverk kyrkje
Lesja
Lom soknLom stavkyrkjeLom
Nordberg soknNordberg kyrkjeSkjåk
Nord-Sel soknNord-Sel kyrkjeSel
Sel soknSel kyrkje
Sjoa kapell
Sel
Skjåk soknSkjåk kyrkjeSkjåk
Skåbu soknSkåbu kyrkjeNord-Fron
Sødorp soknSødorp kyrkje
Sødorp kapell
Nord-Fron
Vågå soknVågå kyrkjeVågå

Prestegjeld

[endre | endre wikiteksten]

Prestetensta var tidlegare leia lokalt gjennom prestegjeld. Ordninga vart fasa ut frå 2004. Før utfasinga hadde Nord-Gudbrandsdal prosti desse prestegjelda:

Referansar

[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff

[endre | endre wikiteksten]