Nordberg kyrkje i Skjåk

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk

Koordinatar: 61°54′20.387″N 8°9′16.567″E

Nordberg kyrkje i Skjåk

Nordberg kyrkje er ei åttekantkyrkje frå 1864 i Skjåk kommune i Oppland.

Kyrkje er oppført etter teikning av arkitekt Jacob Wilhelm Nordan av byggmeister Jakob Jonsen Storlien. Det er eit lafta tømmerbygg med 300 sitjeplassar. Preikestolen har nygotiske trekk og er laga av Jehans Odde. Altertavla er også laga av Odde, og har motivet Jesu oppstode omgitt av to englar, alt skore i tre.

Forfattaren Tore Ørjasæter er gravlagt ved kyrkja.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]