Kvikne kyrkje i Nord-Fron
Kvikne kyrkje | |||
kyrkje | |||
Land | Noreg | ||
---|---|---|---|
Fylke | Innlandet | ||
Kommune | Nord-Fron | ||
Kyrkjesamfunn | Den norske kyrkja | ||
Bispedøme | Hamar | ||
Prosti | Nord-Gudbrandsdal | ||
Sokn | Kvikne | ||
Fellesråd | Nord-Fron | ||
Type | krosskyrkje | ||
Teknikk | lafteverk | ||
Material | tre | ||
Innvigd | 1764 | ||
Tårn | Sentraltårn | ||
Kyrkjegard | Ved kyrkja | ||
Preikestol | Eistein Guttormsen Kjørrn | ||
Døypefont | Kleberstein | ||
Altartavle | Eistein Guttormsen Kjørrn | ||
Sitjeplassar | 175 | ||
Diverse | Kyrkjebenker måla av Ragnvald Einbu | ||
Kvikne kyrkje i Nord-Fron 61°34′28″N 9°35′16″E / 61.57436111°N 9.58770833°E | |||
Wikimedia Commons: Kvikne kirke (Nord-Fron) |
Kvikne kyrkje er ei tømra krosskyrkje i Nord-Fron kommune i Innlandet. Ho vart oppført i 1764 og har 175 sitjeplassar.
Byggmeister ved oppføringa var Per Korpberget. Før Storofsen — den store flaumen i 1789 — stod kyrkja litt lengre ned, ved garden Sylte. Etter flaumen vart ho flytta til Tune, der ho framleis står.
Eistein Guttormsen Kjørrn har laga altartavle og preikestol til kyrkja. Preikestolen er kopiert etter Jakob Klukstad sin preikestol i Heidal kyrkje, som brann i 1933. Også altartavla er inspirert av tavla i Heidal, men her har Kjørrn vore noko friare.
Døypefonten i kleberstein er overført frå ei tidlegare kyrkje. Ragnvald Einbu måla kyrkjebenkane i 1922 med ulike blomar og rankar, englar og dyr. Kyrkja har fått digitalorgel, men dei gamle orgelpipene pyntar framleis opp.
Bakgrunnsstoff
[endre | endre wikiteksten]- Sørmoen, Oddbjørn; Havran, Jiri (2001). «Kvikne kirke». Kirker i Norge, bind 2: 1700-tallet. Skjønnhetens århundre. Oslo: ARFO. s. 80-83. ISBN 82-91399-10-7.
- Nord-Fron kyrkjelege fellesråd Arkivert 2017-11-12 ved Wayback Machine.
- Kyrkjene i Nord-Fron[daud lenkje] (Norsk nettskole)
- Rasmussen, Alf Henry (1993). Våre kirker. Norsk kirkeleksikon. Kirkenær: Vanebo forlag. s. 611. ISBN 82-75-27022-7.
- «Kvikne kyrkje i Nord-Fron». Kirkesøk. Den norske kyrkja.
- Kvikne kyrkje i Nord-Fron i kulturminnesok.no, nettstaden til RiksantikvarenDenne kyrkjeartikkelen som har med Innlandet å gjere, er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.