Kvitbjørn-ulukka

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket


Tilsvarande fly i sjøflyhavna på Fornebu

68°26′04″N 15°57′02″E / 68.43443°N 15.95060°E / 68.43443; 15.95060 «Kvitbjørn»-ulukka var ei norsk flyulukke som fann stad den 28. august 1947, då sjøflyet til Det Norske Luftfartsselskap «Kvitbjørn» i tett tåke traff fjellveggen rett ovanfor Urklubben i Lødingsfjellet i Lødingen, lengst sør i Tjeldsundet. Flyet var av typen Short Sandringham (reg. LN-IAV), levert 24. april 1947 som det fyrste av ein serie på 5 tilsvarande fly til DNL.

Flybåten vart99, då den havarerte, på veg frå Tromsø, via Harstad, Bodø, Hommelvik (ved Trondheim) til Oslo. Alle 35 ombord omkom i dette som til då var Noregs største flyulukke. Ombord var det 28 passasjerar (derav eit amerikansk og to tsjekkiske statsborgarar), og dessutan eit mannskap på sju.

Eit øyenvitne fortalde til NTB at dei hadde sett flyet koma i låg høgd over Tjeldsundet der det var tåke og lite oversiktlig vêr. Plutseleg byrja maskina å svinga, samstundes som den steig og forsvann inn i tåka som omgav den om lag 400 meter høge Kvammetind (del av Lødingsfjellet). Umiddelbart etterpå høyrde ein braket då maskina traff fjellveggen i 290 m høgd. Ulukka hende klokka 09.05 .

Årsaka til ulukka klår[endre | endre wikiteksten]

Rapporten frå Havarikommisjonen vart frigjeven i 2007. Styrten i fjellveggen vert sannsynlegvis skulda feilnavigering under vanskelege vêrforhold ved at flyverne i tett tåke tok feil av to holmar nytta som navigasjonspunkt, høvesvis Strandholmen og Hjertholmen (sjå Lødingen fyr). Den siste holmen ligg i samband med tettstaden Lødingen, og var eit navigasjonsmerke for å endra kursen på ferda ut Vestfjorden. Det vert anteke at ein forveksla dei to holmane og endra til ein fatal kurs.

Minnetale[endre | endre wikiteksten]

Om kvelden, same dag som ulukka skjedde, halde biskop Berggrav ein minnetale over ulukka og dei etterlatne på NRK Radio.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Referansar[endre | endre wikiteksten]


Litteratur[endre | endre wikiteksten]

  • Lødingen lokalhistorielag (2007/2008) Årbok for Lødingen. Kvitbjørnulukka i 1947, ISBN 978-82-90924-11-4.
  • Lødingen lokalhistorielag (2003/2004) Årbok for Lødingen. Kvitbjørnulukka 28. august 1947, ISBN 82-90924-09-7.
  • Lødingen lokalhistorielag (1999/2000) Årbok for Lødingen. Kvitbjørnulukka. Katastrofen. Beretning om ein av dei omkomne. Ein frå hjelpemannskapa fortel, ISBN 82-90924-07-0.
  • Lødingen lokalhistorielag (1981) Årbok for Lødingen. Kvitbjørnulukka som kravde 35 menneskeliv, ISBN 82-990715-2-6.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]