Kvitkinnsvartterne

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Kvitkinnsvartterne

Status i verda: LC Livskraftig

Kvitkinnsvartterne i Lake Sibaya, Kwa-Zulu Natal, Sør-Afrika Foto: Charles J. Sharp
Kvitkinnsvartterne i Lake Sibaya, Kwa-Zulu Natal, Sør-Afrika
Foto: Charles J. Sharp
Systematikk
Rike: Animalia
Rekkje: Chordata
Klasse: Aves
Orden: Charadriiformes
Familie: Laridae
Slekt: Chlidonias
Art: C. hybrida
Namn på andre språk
  • Engelsk: Whiskered Tern
  • Vitskapleg namn
    Chlidonias hybrida

    Kvitkinnsvartterne (Chlidonias hybrida) er ei sumpterne i måsefamilien, Laridae. Ho har hekkeområde i Eurasia og overvintrar i Afrika, sørlege Asia, Søraust-Asia og i Australia.

    Skildring[endre | endre wikiteksten]

    Kvitkinnsvartterne i vinterdrakt i Kenelap Oxbow Lake, Sabah, Borneo, Malaysia
    Foto: Charles James Sharp
    Kvitkinnsvartterne med unge
    Foto: Marek Szczepanek

    Den svarte hetta, det litt kraftige nebbet og kvikke flygerørsler har ho felles med raudnebbterna, men andre eigenskapar er typiske for sumpterner, slik som kort, berre svakt gaffelforma hale og mørk hekkefjørdrakt. Ho er òg monaleg mindre enn raudnebbterna, 23-29 centimeter i kroppslengd og rundt 85 gram i masse.[1]

    Hekkedrakta er gjennomgåande mørk grå med kvite kinn. Det mørkaste området er buken, men undergumpen er kvit og undersida av venger og hale er lys. Både bein og nebb er raude i hekkedrakta. Når kvitkinnsvartterner ikkje hekkar er dei lyse, panna kvit, hetta blir kvitflekkete, men med eit markert svart felt bak augo. Nebbet er svart og beina mørkeraude.[1] Kjønna er like i drakta, men hannfuglar er større enn hoer.

    Utbreiinga for denne arten i Europa er særs fragmentert frå sørvestre og sentrale område i verdsdelen og austover til meir vidstrekte område i sørvestre Russland, i Kasakhstan og inn i nabolanda. Dessutan i søraustre Russland, austre Kina og sørlege Afrika. Overvintringsområde er Nord-Afrika, Afrika sør for Sahel, det indiske subkontinentet, Søraust-Asia og i Australia. Det finst òg små fragmenterte hekkeområde i Australia, Nord-Afrika og nordlege India. Kvitkinnsvartterner hekkar i koloniar ved ferskvatn oftast i lågland. Dei beitar over ferskvatn, myrar, rismarker og ned mot elvemunningar og mudderbankar.[1] Her tar dei insekt, småfisk, amfibium og krepsdyr.

    Denne fuglen har ei rekkje geografiske underartar, dei skil seg ved små detaljar i fjørdrakt.

    Dei tropiske underartane er standfuglar, men europeiske og asiatiske fuglar trekker sørover om vinteren.

    Storleiken på populasjonen er ikkje estimert og er trudd å vere over 100 000 par i Europa og globalt stabil.[1] Arten er klassifisert som globalt livskraftig.[2]

    Kjelder[endre | endre wikiteksten]

    Referansar
    1. 1,0 1,1 1,2 1,3 Gochfeld, M., Burger, J. & Kirwan, G.M. (2016) Whiskered Tern (Chlidonias hybrida) I: del Hoyo, J., Elliott, A., Sargatal, J., Christie, D.A. & de Juana, E. (eds.) (2016). Handbook of the Birds of the World Alive. Lynx Edicions, Barcelona. Henta den 6. november 2016
    2. BirdLife International (2016) Species factsheet: Chlidonias hybrida. Henta frå http://www.birdlife.org den 6. november 2016

    Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

    Commons-logo.svg Commons har multimedia som gjeld: Kvitkinnsvartterne