Lahore festning
![]() | |
Land | Pakistan |
---|---|
![]() | Innskriven ved UNESCOs 5. sesjon i 1981. Referansenr. 171. |
Kriterium: | I, II, III |
Sjå òg | Verdsarvstader i Asia |
Bakgrunnsstoff | Lahore festning ved unesco.org |
Lahore festning (panjabi og urdu شاہی قلعہ (Shahi Qila), 'Kongefestningen', engelsk Lahore Fort) er ein festning i Lahore i Panjab i Pakistan som saman med Shalimar-hagen er rekna som verdsarv av UNESCO. Mesteparten av den noverande festningen blei bygd på 1600-talet,[1] då Mogulriket var på høgda si.[2]
Festningen ligg nord i gamlebyen innanfor bymuren i Lahore, og omfattar eit område på over 20 hektar.[3] Han omfattar i dag 21 bygningar.[3] Bygginga av den moderne festningen byrja i 1566 under Akbar den store, som gav festnigen ein synkretisk arkitektur som blanda både muslimske og hindumotiv.[3] Under Shah Jahan blei det brukt luksuriøs marmor med inkrusteringar i persisk stil.[3] Den kjende Alamgiri-porten blei bygd under den siste mektige stormogulen, Aurangzeb, og vender mot Badsjahi-moskeen.
Staden der festningen no står har vore busett i tusenår, men den eldste dokumentasjonen av eit forsvarsverk her viser til ein teglverksbygning frå 1000-talet.[3]
Etter at Mogulriket fall blei Lahore festning først brukt av sikh-herskaren Ranjit Singh som bustad. Det blei teke over av Britisk India i 1849 og fall til Pakistan i 1947.
I 1980 nominerte dei pakistanske styresmaktene festningen og Shalimar-hagen i Lahore til UNESCO si verdsarvliste.[3] Dei to stadene blei sett inn som ei felles oppføring på lista i oktober 1981.[4]
Kjelder[endre | endre wikiteksten]
- ↑ Ruggles, D. Fairchild (2011). Islamic Gardens and Landscapes. University of Pennsylvania Press. ISBN 9780812207286.
- ↑ Islamic art in the Metropolitan Museum: The Historical Context. Metropolitan Museum of Art. 1992. s. 34.
- ↑ 3,0 3,1 3,2 3,3 3,4 3,5 «International council on monuments and sites» (PDF). UNESCO. Henta 13 April 2015.
- ↑ «World Heritage Committee Fifth session». UNESCO. Henta 13. april 2015.
- Denne artikkelen bygger på «Lahore Fort» frå Wikipedia på engelsk, den 16. november 2017.