Den finske borgarkrigen

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Øydelegging i Tammerfors i samband med borgarkrigen
Flygeblad frå øvstkommanderande for dei kvite styrkane, Carl Gustaf Mannerheim: «Til innbyggjarar og troppar i Tammerfors! Motstand er nyttelaus. Heis det kvite flagget og overgje dykk. Det har runne nok blod frå borgarane. Vi drep ikkje fangane våre, slik som dei raude gjer. Send ein representant med kvitt flagg. MANNERHEIM.»
Militærparade i Vasa i 1918, med tyske styrkar

Den finske borgarkrigen varte frå 28. januar 1918 til 5. mai same året. Krigen vart ført med blodig villskap frå begge sider. Fleire tusen fall i krigshandlingane, men enda fleire vart drepne etterpå, gjennom avrettingar og mishandling og svolt i fangeleirane som vart oppretta. Krigen enda med at «dei kvite», under leiing av C.G: Mannerheim, med tysk hjelp slo ned den «raude» oppreisten.

Opptakt[endre | endre wikiteksten]

Finland hadde frå 1809 vore underlagt Russland. I førstninga av 1917 hadde det finske Arbeidarpartiet fleirtal i riksdagen, det finske parlamentet. I juli vedtok det sosialistiske fleirtalet i riksdagen, saman med nokre borgarlege representantar, den såkalla «maktlova», som gav den finske riksdagen all makt over politikken unntatt i utanriks- og forsvarssaker. Den borgarlege regjeringa i Russland under Kerenskij godtok ikkje dette, og svarte med å oppløyse den finske riksdagen. Fleirtalet av dei finske borgarlege godtok dette, og Arbeidarpartiet gjekk også med på det til slutt. Ved nyvalet som følgde, vart det borgarleg fleirtal.

Bolsjevikrevolusjonen i Russland i november fekk dei borgarlege i Finland til å krevje sjølvstende frå Russland straks. Den borgarlege samlingsregjeringa innleidde eit nært samarbeid med det keisarlege Tyskland for å nå dette målet. Finland vart erklært sjølvstendig 6. desember 1917, og vart anerkjent av bolsjevikane, som lenge hadde gått inn for retten til nasjonalt sjølvstende.

Dei finske sosialistane frykta at dei borgarlege sitt samarbeid med Tyskland hadde andre formål, indre finske formål. Dei meinte at dei borgarlege begynte å førebu seg på å knuse den sterke finske arbeidarrørsla. Den økonomiske og sosiale stoda var svært vanskeleg, og vart stadig forverra. Den finske arbeidarklassen var radikalisert, og fagforbunda hadde vakse kraftig. I denne situasjonen vart det finske samfunnet splitta i to leirar, so kvar for seg danna væpna organisasjonar. Det vart oppretta væpna «raude gardar» som òg fekk tilslutning frå restar av dei desorganiserte russiske styrkane i landet. På den borgarlege sida vart det skipa tilsvarande «kvite gardar», dei såkalla «skyddskårer».

Krig[endre | endre wikiteksten]

Da desse kvite gardane vart utnemnde til regjeringstroppar den 26. januar 1918 syntest det klart for arbeidarrørsla at den borgarlege regjeringa førebudde seg på å slå dei ned med makt.

Den 27. januar gav kommanderande offiser for den raude garden i Helsingfors ordre om at regjeringa skulle arresterast. Regjeringa flykta då frå Helsingfors til Vasa. Den 28. januar begynte dei kvite sin offensiv i Österbotten, samtidig som dei raude tok makta i Helsingfors. Den finske borgarkrigen var i gang.

I februar var det viktigast for partane å tryggje dei områda dei kontrollerte. Dei kvite styrkane i sør vart utmanøvrerte av dei raude, eller flykta på isen over Finskebukta til Estland, der dei sidan vart stilte under tysk kommando. På begge sider var størstedelen av soldatane utrente amatørar med dårleg disiplin. Krigen mobiliserte store delar av folket. I dei raude gardane deltok både kvinner og menn. På den kvite sida vart Lotta Svärd stifta, ein paramilitær hjelpeorganisasjon for kvinner. Lotta Svärd vart opphavet til Norges Lotteforbund.

Dei raude heldt Sør-Finland, medan dei kvite heldt Nord-Finland. Dei kvite var leidde av yrkesoffiserar, med generalløytnant Carl Gustaf Mannerheim i spissen. 3. - 5. april vann dei kvite ein avgjerande siger ved Slaget om Tammerfors i industribyen Tammerfors. Samstundes fekk dei støtte frå eit tysk ekspedisjonskorps som gjekk til åtak i sør. Dei kvite inntok Helsingfors 13. april etter at den tyske flåten hadde bombardert byen. Det raude regjeringa flykta til Viborg. Ei veke seinare fekk tyske og kvite troppar kontakt etter å ha erobra Lahtis. Dei kvite sette då i gang ein offensiv på Det karelske neset mot Viborg. 25. april flykta den raude regjeringa til Russland, og 5. mai kapitulerte dei siste revolusjonære i Pyttis.

Den kvite terroren[endre | endre wikiteksten]

Den kvite terroren vart grufull. Mange tusen raude vart anten avretta eller svalt i hel i fangeleirar etter kampane var over.

Krigens ofre
Dødsmåte Raude Kvite Andre Til saman
Falne 5 199 3 414 790 9 403
Avretta, myrda, skotne 7 370 1 424 926 9 720
Daude i fangeleir 11 652 4 1 790 13 446
Daude etter at dei slapp ut 607 - 6 613
Forsvunne 1 767 46 380 2 193
Daude på andre måtar 443 291 531 1 265
Alle til saman 27 038 5 179 4 423 36 640
Kjelde:
http://vesta.narc.fi/cgi-bin/db2www/sotasurmaetusivu/stat2

På grunn av krigen døydde det ca. 37 000 menneske [1] Arkivert 2015-03-10 ved Wayback Machine.. Etter at krigen var slutt vart mange raude avretta, ca. 75 000 raude hamna i fangeleir, og mange av dei døydde av underernæring. Handsaminga av fangane førte til mykje bitterheit. Vinterkrigen, og Väinö Linna sine romanar var sentrale faktorar i å samle Finland til ein nasjon i løpet av den neste generasjonen.

Perioden etter borgarkrigen[endre | endre wikiteksten]

Etter borgarkrigen vart P.E: Svinhufvud innsett til riksforstandar. Landdagen valde den tyske prinsen Fredrik Karl av Hessen til finsk konge under namnet Väinö 1. Samanbrotet for det tyske keisarriket etter nederlaget i første verdskrigen gjorde valet umogleg. Vestmaktene kravde nyval.

Den 17. juli 1919 vedtok den nye Riksdagen republikken, og K.J. Ståhlberg vart vald til den første presidenten. Dei republikanske sentrumspartia fekk makta i riksdagen, og mange sosialdemokratar vart òg valde. Det gamle Arbeidarpartiet hadde no vorte kløyvd i eit sosialdemokratisk og eit kommunistisk parti, og sosialdemokratane fekk stille til val. Kommunistpartiet vart forbode. Det finske agrarpartiet, som seinare utvikla seg til partiet Centern, skjønte at dei mange husmennene i landet måtte få bli sjølvstendige, og det offentlege begynte aktivt å støtte nydyrking for å skaffe jord til dei tidlegare jordlause.

Det skjedde såleis ei gradvis normalisering i finsk politikk utover 1920-åra, jamvel kommunistpartiet fekk stille til val under ulike namn bortsett frå det eigentlege, og fekk ganske stor støtte frå veljarane trass i motarbeiding frå styresmaktene.

Men på 1930-talet skulle den finske høgresida prøve seg igjen, da den såkalla Lapporørsla inspirert av Mussolini og Hitler prøvde å innføre eit fascistisk styresett i landet. Dette lukkast ikkje, men fridomen til arbeidarrørsla vart igjen avgrensa som resultat av presset frå høgresida.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Wikimedia Commons har multimedia som gjeld: Den finske borgarkrigen