Landsskyttarstemnet

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk

Landsskyttarstemnet er det største norske skytearrangementet og samtidig eit av dei største idrettsarrangementa i Noreg. Det blir heldt kvart år som eit NM innan øvingane arrangert av Det frivillige skyttarvesenet. Menn og kvinner i alle alderstrinn deltek på stemnet. Den beste skyttaren i klasse 3-5 på bane blir skyttarkonge, eventuelt skyttardronning.

Historie[endre | endre wikiteksten]

Det første Landsskyttarstemnet vart arrangert i Kristiansund i 1893. Det finst svært få skriftlege kjelder frå det aller første stemnet, men ein reknar med at ca. 200 skyttarar deltok. Den aller første vinnaren (skyttarkonge er først nemnd som omgrep i 1904) var Chr. Østern frå Oslo Skytterlag. Det vart den gongen skote på avstandane 400, 600 og 1 000 meter. Seinare har Landsskyttarstemnet vorte arrangert kvart år, med unnatak av krigsåra 1940-1945. Det største talet deltakarar før krigen var 1 808 skyttarar i Kristiania i 1914. Deltakartalet har stige kraftig etter krigen, og den foreløpige rekorden er frå Elverum i 1990 med 7 181 deltakarar.

Stemnearenaer[endre | endre wikiteksten]

Landsskyttarstemnet har historisk vorte arrangert frå Kristiansand i sør til Alta i nord. Stemnet alternerer mellom landsdelane Nord-Noreg, Midt-Noreg, Vestlandet, Sørlandet og Austlandet kvart femte år. På grunn av at stemnet har vorte så stort, har det utvikla seg faste arenaer som blir jamleg bruka.

Individuelle greiner[endre | endre wikiteksten]

Individuelt konkurrerer skyttarane i baneskyting og feltskyting med ei innlagt minneskyting. Som ein del av feltskytinga er det òg mogleg å delta i dei to snøggskytingskonkurransane feltsnøggskyting og stangskyting.

Lagkonkurransar[endre | endre wikiteksten]

Det blir òg arrangert lagskytingar på Landsskyttarstemnet, den mest kjende er samlagsskytinga for seniorklassane på 200 meter, men det blir òg arrangert samlagsskyting for rekrutteringsklassane og for veteranklassane, begge på 100 meter.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]