Lappiplerke

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Lappiplerke
Lappiplerke
Lappiplerke
Utbreiing og status
Status i verda: LC Livskraftig
Status i Noreg: LC Livskraftig██ Hekkeområde ██ Overvintring

██ Hekkeområde ██ Overvintring

Systematikk
Rike: Dyr Animalia
Rekkje: Ryggstrengdyr Chordata
Underrekkje: Virveldyr Vertebrata
Klasse: Fuglar Aves
Orden: Sporvefuglar Passeriformes
Familie: Erlefamilien Motacillidae
Slekt: Anthus
Art: Lappiplerke A. cervinus
Vitskapleg namn
Anthus cervinus

Lappiplerke (Anthus cervinus) er ein sporvefugl i familien av erler og piplerker, Motacillidae. Arten hekkar på den nordlege tundraen i Eurasia og vestlegaste Alaska og overvintrar i tropane i Afrika og Søraust-Asia. I Sentral-Europa er arten vanlege trekkfuglar i små mengder.

Skildring[endre | endre wikiteksten]

Lappiplerka har ei kroppslengde på 14 til 15 cm og er soleis omtrent like stor som heipiplerka. På oversida har lappiplerka ei matt, brun grunnfarge. Over dette er krona på hovudet og øvre ryggen sterkt mørkt stripa i lengderetninga, overgumpen er mørkt stipla. Vaksne fuglar er umiskjennelege i alle fjørdrakter med rustfarga strupe, hos nokre fuglar blir det raude området òg utvida til brystet og opp til sidene av hovudet. Hannfuglar i hekkedrakt har større område i raudt over augo, og litt mindre av stupeområdet i raudt enn hoer i hekkedrakt. Begge kjønna er mindre raudfarga i vinterdrakta, men litt raudfarge på strupen er alltid tilstades hos vaksne fuglar. Undersida er lys gulkvit, brystet og flankane er stipla i svart, men midten av buken manglar striper. Hos unge fuglar den første vinteren er strupeområdet òg kvitt. Likevel kan ungfuglane skiljast frå andre piplerker med ei for det meste sterk kvit augebrynstripe, ein tynn kvit augering, lyse kantar på dei indre tertiærfjørene og kvite striper på ryggen.

Songen blir hovudsakleg framført i flukt, sjeldnare og deretter kortare frå bakken eller frå ein kvileplass. Han innleiar med ein sekvens av lydar som minner om songen til trepiplerka, følgd av trillande eller raslande tonar og til slutt ofte ein raspande lyd. Songen kan reproduserast som «tsiwi-tsiwi-tsiwi-tsiwi-wiss-wiss-wiss-twiss-wiss-wiss-tsirr». Fuglar på trekk ropar ofte «psieh» eller «tssiiee» først skarpt og blir deretter strekte bakover. Ropet i flukt er ein mjuk «tschüp».

Utbreiingsområdet til lappiplerka inkluderer den nordlege tundra i Eurasia frå nordlegaste Fennoskandia over nordlegaste Sibir til Beringsundet. Ho hekkar dessutan litt inn i vestlegaste Alaska, omtrent frå vestpynten av Seward-halvøya til Point Hope mot Tsjuktsjarhavet. Lappiplerka er knytt til våte habitat i alle sesongar, ho hekkar hovudsakleg i opne sumpete lågland med buskar av lauvtre og opne myrar nord for taigaen. Vegetasjonen er typisk buskar av vierslekta, i Noreg òg litt inn i bjørkebeltet. Under trekket blir arten observert i trefritt og stort sett fuktig terreng, t.d. på laust tilgrodd gjørmete område eller på fuktige område med kort gras, men også på tørrare mark, kultiverte eller gjenplanta område, spesielt viss det inkluderer små spreidde dammar. Fuglane aust i området overvintrar i tropane i Søraust-Asia, dei vestlege palearktiske fuglane i Egypt og spesielt sør for Sahara i Sahel og på savannane. Arten blir jamleg observert som ein migrant i liten mengde i dei fleste regionar i Sentral- og Aust-Europa.

I Noreg finn ein lappiplerka som hekkefugl i hovudsak på Varangerhalvøya og Finnmarksvidda, men kan treffast sør til nordlegaste Troms.[1]

Reiret ligg på bakken i vegetasjonen. Egga blir lagde tidlegast i slutten av mai til byrjinga av juni, kullet er vanlegvis på fem eller seks egg. Rugetida varer 10 til 13 dagar. Ruginga blir utelukkande utført av hoa, hannen syt for føde til hoa i løpet desse dagane. Ungfuglane flyktar frå reiret etter 9 til 14 dagar.

Den globale populasjonen er estimert til 2 millionar modne individ, av desse hekkar 14 000 til 30 000 i Noreg. Både den globale bestanden og den i Noreg er trudd å vere stabil. Arten er derfor klassifisert som livskraftig, LC.[2][1]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Referansar
  1. 1,0 1,1 «Norsk rødliste for arter 2015». Henta 1. april 2021.  Oppslag på Anthus cervinus
  2. BirdLife International (2021) Species factsheet: Anthus cervinus. Henta frå http://www.birdlife.org den 1. april 2021

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Commons-logo.svg Commons har multimedia som gjeld: Lappiplerke