Vierslekta

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Vierslekta
Systematikk
Rike: Planteriket Plantae
Infrarike: Streptophyta
Overrekkje: Landplantar Embryophyta
Rekkje: Karplantar Tracheophyta
Underrekkje: Frøplantar Spermatophytes
Orden: Vierordenen Malpighiales
Familie: Vierfamilien Salicaceae
Slekt: Vierslekta Salix
L., 1753
Raudvier S. purpurea
Vier

Vierslekta (Salix) er ei planteslekt i vierfamilien og veks som tre, buskar, ris eller urteaktige dvergbuskar. Tre og store buskar med smale blad vert gjerne kalla pil eller piletre, tre og store buskar med breie blad vert kalla selje, og låge buskar og dvergbuskar vert kalla vier. Variantar av piletre vert ofte nytta som park- og hagetre, og kan òg finnast viltveksande somme stader i Noreg.

Slekta har kring 400 artar. Vieren har gråaktig bark som er glatt eller fura og veden har ofte åsar under barken. Vinterknoppane er dekte med eit skal og blada er spreidde, enkle og rundtakka eller fint sagtakka. Vieren er særbu med blomstrane samla i akslike heng.

Utbreiing[endre | endre wikiteksten]

Vieren veks i hovudsak i tempererte områdeden nordlege halvkula. Det finst om lag 30 artar i Noreg og 24 artar i Sverige og dei fleste finst i nord. Dei mest kjende artane i Noreg og Sverige er selje (S. caprea), gråvier (S. cinerea) og skjørpil (S. fragilis). Vieren er vanskleg å artbestemme når ein har hybridar. Fleire dyrka arter har blittt naturalisert, til dømes kvitpil (S. alba), raudvier (S. purpurea) og korgvier (S. viminalis).

I fjellområde finst vierregionen, dei siste treområda før snaufjellet, som er særleg prega av viervekstar.

Dyrking[endre | endre wikiteksten]

Piltypar som som raudpil og korgpil kan dyrkast for produksjon av kvistar til korgbinding og liknande. Dette kan føregå vad at ein tek kvistar på rundt 25 cm som stiklingar og set dei i rader tidleg om våren.[1]

Lokalt har planting av pilevallar vore vanleg, først og fremst i Skåne der trea utgjer eit kjenneteiken for landskapet. I Skåne finst bandpil, Salix amygdalina og bandvier, Salix lanceolata.

Hybridar[endre | endre wikiteksten]

Det er vanleg med hybridisering mellom ulike artar i slekta. Desse er ofte fertile og kan gjere det vanskeleg å bestemme arten. Somme tider finn ein hybridar med både tre og fire artar innblanda. Ungskott og sterile eksemplar kan mange gongar vere umoglege å identifisere med visse.

Artar i Norden[endre | endre wikiteksten]

Vitskapleg namn Norsk Svensk Dansk
Salix aegyptiaca Fløyelsselje
Salix alba Kvitpil Vitpil Hvid-Pil
Salix alba vitellina Gullpil
Salix arbuscula Småvier Risvide Busk-Pil
Salix arctica Tundravier Arktisk Pil
Salix ×arctogena Trippelvier
Salix aurita Øyrevier/ørevier Bindvide Øret Pil
Salix babylonica Babylonpil
Salix bebbiana Finnmarksvier
Salix bicolor Gullvier
Salix ×calodendron Fagervier/Dunvier
Salix caprea Selje Sälg Selje-pil
Salix caprea ssp. sericea Silkeselje
Salix cinerea Gråselje Gråvide Grå-Pil
Salix daphnoides Doggpil/påskepil Daggvide Dug-Pil/Pommersk Pil
Salix daphnoides ssp. acutifolia Plommepil
Salix dasyclados Fløyelsvier
Salix ehrhartiana Elvepil
Salix elaeagnos Dunpil Flod-Pil
Salix fragilis Skjørpil Knäckepil Skør-Pil
Salix glauca Sølvvier/myrvier Ripvide Blågrå Pil
Salix glauca ssp. stipulifera Russevier
Salix hastata Bleikvier Blekvide Spyd-Pil
Salix herbacea Musøyre/musøre Dvärgvide Dværg-Pil
Salix lanata Ullvier Ullvide Uld-pil
Salix lanata ssp. glandulifera Kjertelvier
Salix lapponum Lappvier Lappvide Laplands-Pil
Salix matsudana Koreansk pil
Salix xmeyeriana Blankpil
Salix xmollissima Flettepil
Salix myrsinifolia Svartvier Svartvide
Salix myrsinifolia ssp. borealis Setervier Sæter-Pil
Salix myrsinifolia ssp. kolaënsis Kolavier
Salix myrsinites Myrtevier Glansvide Blåbær-Pil
Salix myrtilloides Blokkevier Odonvide Myrte-Pil
Salix nummularia Sibirvier
Salix xpendulina Fontenepil
Salix pentandra Istervier Jolster Femhannet Pil
Salix phylicifolia Grønvier/grønnvier Grönvide Tofarvet Pil
Salix polaris Polarvier Polarvide Polar-Pil
Salix purpurea Raudpil/rødpil Rödvide Purpur-Pil
Salix repens Krypvier/Heivier Krypvide Krybende Pil
Salix repens var. nitida Sandvier
Salix repens subsp. rosmarinifolia Rosmarin-Pil
Salix reticulata Rukkevier/rynkevier Nätvide Net-Pil
Salix xrubens Grønnpil
Salix ×rubra Silkerødpil
Salix salvifolia Vitvide
Salix xsepulcralis Sørgepil
Salix xsmithiana Namdalspil
Salix starkeana Blåvier Ängsvide Ellebladet Pil
Salix starkeana ssp. cinerascens Finnmarksvier
Salix stipularis Spissøyrevier/spissørevier
Salix triandra Mandelpil Mandelpil Mandel-Pil
Salix uva-ursi Melbær-Pil
Salix viminalis Korgpil/kurvpil Korgvide Bånd-Pil

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. «Pil: pildyrking», Store norske leksikon, 14. februar 2009 

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Wikimedia Commons har multimedia som gjeld: Vierslekta